Hopp til innhald

Beryllium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Litium Beryllium Bor

Basisdata
Namnberyllium
SymbolBe
Atomnummer4
UtsjånadStålgrått
Plass i periodesystemet
Gruppe2
Periode2
Blokks
Kjemisk serieJordalkalimetall
Atomeigenskapar
Atomvekt9,012182 u
Kalkulert atomradius105 (112) pm
Elektronkonfigurasjon[He]2s2
KrystallstrukturHeksagonal
Fysiske eigenskapar
StofftilstandFast stoff
Smeltepunkt1287 °C, 1560 K
Kokepunkt2469 °C, 2742 K
Molart volum4,87 cm³/mol
Tettleik1850 kg/m³
Hardleik5,5 kg/m³
Fordampningsvarme297 kJ/mol
Smeltevarme11,71 kJ/mol
Damptrykk10 Pa
Lydfart12870 m/s
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
2
Elektrisk leiingsevne28,1 MS/m
Termisk konduktivitet200 W/(m·K)
Ioniseringspotensial899,5 kJ/mol
1757,1 kJ/mol
14849 kJ/mol

Beryllium er eit grunnstoff med atomnummer 4 og kjemisk symbol Be. Beryllium er eit jordalkalimetall som er stålgrått, sterkt og lett, men skjørt. Samanlikna med dei andre jordalkalimetalla er det forholdsvis sjeldant i jordskorpa. Edelsteinar som akvamarin og smaragd er beryllium-aluminium silikat. På grunn av høg styrke og smeltepunkt, vert beryllium brukt i fly og forsvarsindustrien, oftast i legeringar. Sidan beryllum har låg elektrontettleik og derfor slepp gjennom røntgenstrålar, blir beryllium brukt som vindauge i røntgenapparat. Beryllium virker som nøytronreflektor, og vert derfor nytta i kjernereaktorar og kjernevåpen.

Berylliumsambindingar har vore kjent sidan antikken, i form av edelsteinar som smaragd og akvamarin (som er mineralet beryll med ulike ureiningar), men det var ikkje kjent som eit grunnstoff før Louis-Nicolas Vauquelin studerte beryll i 1798. Metallet er kalla opp etter dette mineralet. Beryllium vart første gong framstilt i rein form i 1828 av Friedrich Wöhler og Antoine Bussy uavhengig av kvarandre.

Særskilde kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Beryllium er eitt av lettmetalla som har dei høgast smeltepunkt. I tillegg til å vera lett er det sprøtt. Det er i tillegg svært giftig og relativ sjeldant i jordskorpa. Det vert brukt berre i relativt liten grad. Mange berylliumsambindingar smakar søtt, men dei er giftige.

Fysiske kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Beryllium er svært hardt og uelastisk, om lag 50% mindre elastisk enn stål. Smeltepunktet er det høgste av alle lettmetall, 1287 °C.

Kjemiske kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Beryllium er eit jordalkalimetall, og i likskap med dei andre metalla i gruppa, dannar beryllium nesten utelukkande sambindingar der beryllium har oksidasjonstilstand Be(II).

Beryllium er mindre reaktivt enn dei andre alkalimetalla. I luft dannast eit lag av Berylliumoksid (BeO), som hindrar vidare oksidering. Dette laget gjer og at beryllium kan ripe glas. Oksidlaget gjer og at beryllium ikkje vert oppløyst i oksiderande syrer som salpetersyre, men vert oppløyst i saltsyre og ein del andre ikkjeoksiderande syrer.

Beryllium er mindre reaktivt enn ein dei andre jordalkalimetalla, og har eigenskapar som tyder på at det er tale om kovalente bindingar, eller ein har ionet . Eit døme er at smelta berylliumfluorid() ikkje leier straum, slik ein skulle vente dersom det var eit ionesamband.

Framstilling

[endre | endre wikiteksten]

Beryllium vart framstilt ved å varme opp med natrium-silisium heksafluorid () og beryll, som gir berylliumfluorid(). Berylliumfluorid blir sidan redusert med magnesium til beryllium metall. Ein alternativ metode er elektrolyse av berylliumklorid () i løyst opp i natriumklorid ().

Beryllium vert mykje brukt i som forsterkande del i legeringar.

Grunnstoffet vert brukt som nøytronreflektor i kjernereaktorar.

Louis Vauquelin oppdaga stoffet i 1798 som oksidet i beryll. Det vart isolert av to forskarar som arbeida uavhengig av kvarandre, Friedrich Wöhler og A. A. Bussy, i 1828. Dei brukte begge kalium som reagerte med berylliumklorid.

Namnet beryllium kjem frå gresk beryllos (βήρυλλος), eit gresk ord av indisk opphav som viser til beryll - eit mineral som inneheld beryllium, eller ein grøn edelstein. Ordet briller har same opphav.

Stoffet har òg vore kjent under namnet glucinium. Dette kjem frå gresk glykys (γλυκυς), søtt, og vart brukt fordi salt laga med beryllium ofte er søte.

Førekomst

[endre | endre wikiteksten]

Beryllium finst i mange mineral, mellom anna i beryll.

Beryllium og berylliumsambindingar er giftige og kan vera kreftframkallande.

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]