Beslan
| Beslan | |||
| Беслан | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Nord-Ossetia | ||
| Areal | 24 km² | ||
| Folketal | 36 011 (2023) | ||
| Grunnlagd | 1847 | ||
| • Bystatus | 1950 | ||
| Retningsnummer | +7 86737 | ||
![]() Beslan 43°11′00″N 44°32′00″E / 43.183333333333°N 44.533333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Beslan | |||
Beslan (russisk Беслан, ossetisk Беслӕн) er ein by i Republikken Nord-Ossetia i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Terek, rundt 15 km nord for Vladikavkaz.
Beslan er eit viktig jernbaneknutepunkt sidan han ligg på hovudlinja mellom Rostov-na-Donu og Baku. Stasjonen her er utgangspunktet for ei sidelinje til Vladikavkaz. Byen er ein industri- og jordbruksby dominert av ein stor fabrikk for prosessering av mais, grunnlagd i 1940-åra.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagt i 1847 av tilflyttarar frå andre stader i Ossetia og fekk opphavleg namnet Beslanykau (russisk: Бесланыкау – «Beslan-busetnaden») etter ein lokal stormann, Beslan Tulatov. Offisielt fekk byen likevel namn etter Tulatov sitt etternamn. Slik vart det Tulatovo (russisk: Тулатово) eller Tulatovskoje (russisk: Тулатовское). Byen fekk i 1941 namnet Iriston (Ossetia) (russisk: Иристон («Осетия»). I 1950, då den raskt industrialiserte byen vart omgjort til ein egen kommune, fekk han det noverande namnet sitt.
Gisseldramet i Beslan
[endre | endre wikiteksten]Den 1. september 2004 vart barneskule nummer 1 i Beslan storma av tsjetsjenske terroristar som forskansa seg inne i skulekomplekset. Dramaet enda 3. september med ein kraftig skottveksling mellom terroristane og russiske tryggingsstyrkar. Litt over 300 menneske mista livet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Putin meets angry Beslan mothers». BBC News. 2. september 2005.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Beslan» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2009.

