Bessbrook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bessbrook
landsby
View over Bessbrook - geograph.org.uk - 1362937.jpg
Land Flag of Northern Ireland.svg Nord-Irland
Distrikt Newry, Mourne and Down
Folketal 2 420 (2001)

Bessbrook
54°11′45″ N 6°23′40″ W
Wikimedia Commons: Bessbrook

Bessbrook er ein landsby i County Armagh i Nord-Irland. Han ligg om lag 5 km nordvest for Newry. Dagens landsby omfattar tre townlandområde — Maghernahely, Clogharevan og Maytown. Bessbrook ligg nær Newry jernbanestasjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bessbrook er kalla opp etter Elizabeth eller Bess Nicholson. Ho var gift med Joseph Nicholson, og familien hans hadde drive med linindustri i området frå 1806 til 1845. Namnet «brook» viser til ein bekk som renn forbi landsbyen.

Landsbyen blei grunnlagd av John Grubb Richardson i 1845 som ein «modell-landsby», med vide gater og plassar rundt ein stor linfabrikkk eigd av kvekarfamilien Richardson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]