Bestun stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den opphavlege stasjonsbygningen på Bestun stasjon, slik han no står på Norsk Jernbanemuseum på Hamar.

Bestun stasjon, som vart opna 15.juli 1884 med namnet Vækkerø og fekk namnet Bestum 15. august 1890, Bestun 1. september 1922, var ein stasjon for lokaltog på Drammensbanen på Bestum i Oslo, mellom Skøyen stasjon og Lysaker stasjon. Stasjonen vart lagt ned i 1973 som stoppestad for persontog, og som stasjon for godstog i 1978, og utbygd som ein del av Skøyen stasjons sporområde for oppstilling av dei lokaltoga som har denne stasjonen som si endestasjon i Oslo.

Den opphavlege stasjonsbygningen i tre, teikna av arkitekt G. A. Bull i sveitserstil, var truleg frå 1884, og truleg rive om lag 1918 og flytta til Norsk JernbanemuseumHamar, der han er å sjå i dag. Ein ny stasjonsbygning i mur i nybarokk stil vart bygd i 1918, teikna av arkitekt Eivind Gleditsch ved NSBs arkitektkontor. Banen var då bygd ut til dobbeltspor, og stasjonsbygningen, som låg på gateplan lågare enn spora, gav tilkomst til ei plattform mellom spora gjennom ein gang under spora. Stasjonsbygningen er teke vare på.

Tidlegare låg det i mange år føre planar om å byggje ei jarnbaneline frå Bestun stasjon til Grefsen stasjon (på Gjøvikbanen i Oslo), for på den måten å få til eit samband mellom Drammensbanen og det banenettet som hadde Oslo Ø som endestasjon. I lange tider vart det halde open ein korridor for ei slik bane i ymse reguleringsplanar. Men desse byggjeplanane vart aldri realiserte, og etter at Oslotunnelen vart bygd, er dei uaktuelle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]