Betalingssystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit betalingssystem er ei løysing for overføring av pengar mellom to partar direkte frå konto til konto, for eksempel ved bruk av giroar. Ordet blir i aukande grad nytta om system for betaling over Internett. Spesielt gjelder dette for betaling på nettbutikkar, men også når det gjeld kjøp og sal av varer mellom privatpersonar på nettauksjonar og liknande tenester.

Eit betalingssystem for bruk over Internett krev stor grad av tryggleik, og følgjande må takast omsyn til:

  • Både kjøper og seljar må vere sikre på at motparten er den han/ho utgjer seg for å vere.
  • Data som vert sendt mellom dei to partane må kunne sikrast å vere korrekte, og må ikkje kunne ha blitt endra under sending frå den eine parten til den andre.
  • Informasjon om kjøper og seljar og om transaksjonen må ikkje komme på hende på uvedkommande.

I Noreg tilbyr BBS og EDB Business Partner tenester for trygge betalingssystem.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.