Beth Heiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beth Heiden

Wereldkampioenschappen schaatsen dames allround in Den Haag. Beth Heiden (Verenigde Staten) , Bestanddeelnr 930-1058.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 27. september 1959
Madison
Idrett lengdeløp på skeiser, sykling, langrenn
Yrke skøyteløpar, sykkelryttar, langrennsløpar
Beth Heiden til venstre, saman med Tatjana Averina

Elizabeth Lee Heiden, kjend som Beth Heiden, (fødd 27. september 1959) er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar og syklist frå Madison i Wisconsin. Ho vart verdsmeister i firkamp på skeiser i 1979 og i landevegsskykling året etter. Heiden var syster til Eric Heiden.

Beth Heiden vart nummer to i sprint-VM 1978 på skeiser, slått einast av Ljubov Sadtsjikova frå Sovjetunionen. Vinteren 1979 var Heiden heilt suveren under firkamp-VM i Haag, der ho fekk bestetid på alle fire distansane. To veker seinare tok ho ein ny sølvmedalje då Sprint-VM 1979 fann stad i vesttyske Inzell. Året 1980 sanka ho fleire internasjonale medaljar. Det tok til med sølv i firkamp-VM på Hamar, bakom sovjetiske Natalija Petrusova, heldt fram med bronsemedalje på 3 000 meter under Vinter-OL 1980 i Lake Placid, slått i parløp med gullmedaljør Bjørg Eva Jensen, før ho sikra seg bronseplassen i sprint-VM i West Allis.

Eit halvt år etter ho la skeisene på hylla, spurta Beth Heiden inn til siger i verdsmesterskapen i landevegssykling 1980 i franske Sallanches.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]