Betlehem i Galilea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 32°44′11.85″N 35°11′28.72″E
Betlehem i Galilea
בֵּית לֶחֶם הַגְּלִילִית
kibbutz
none
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Jezreeldalen
Koordinatar 32°44′11.85″N 35°11′28.72″E
Grunnlagd 1906 (som tysk koloni), 1948 (som moshav)
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bethlehem of Galilee

Betlehem i Galilea (hebraisk בֵּית לֶחֶם הַגְּלִילִית, Beit Lehem HaGlilit) er ein by nord i Israel. Han ligg i Galilea nær Kiryat Tivon, kring 10 km nordvest for Nasaret og 30 km aust for Haifa og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006, hadde han eit folketal på 651.

Staden er nemnt i Josvas bok (19:15) som ein by som høyrte til Sebulon-stammen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For å skilje denne byen frå byen Betlehem nær Jerusalem, vart han opphavleg kalla Betlehem i Sebulon, medan byen nær Jerusalem vart kalla «Betlehem i Judea.»[treng kjelde] I Jerusalem Talmud vart han kalla Beth Lehem Zoria og var då ein del av kongedømet [[Tyr i Libanon|Tyr]. Fram til seint på 1800-talet kunne ein sjå ruinar av ei kyrkje og ei synagoge i landsbyen, og det er gjort arkeologiske funn frå tidleg romersk tid,[1] då han var ein velståande by. Somme forskarar reknar Betlehem i Galilea som fødestaden til den rabbinske jødedomen.[treng kjelde]

Sidan han ligg nær Nasaret, meiner somme historikarar at det var i denne Betlehem at Jesus vart fødd. Aviram Oshri, ein erfaren arkeolog i Israeli Antiquities Authority, støttar dette synet.[2]

Templer-koloni[endre | endre wikiteksten]

I 1906 grunnla folk frå Templer-sekta i den tyske kolonien i Haifa ein koloni i Galilea,[3] og kalla han opp etter den antikke byen. Dei fleste medlemmane var tyske borgarar. I 1930-åra vart fleire av dei tyske innbyggjarane medlem av nazi-partiet.[4] Den 20. august 1939 kalla den tyske regjeringa kristne tyskarar i Palestina heim for å bli med Wehrmacht og 350 menn drog avstad.

den andre verdskrigen braut ut vart alle tyskarar i Palestina rekna som utlendingar frå ein fiendtleg nasjon. Dei britiske styresmaktene valte å internere dei fleste av desse. Sarona, Betlehem i Galilea, Waldheim og Wilhelma vart omgjorte til interneringsleirar. Dei fleste fiendtlege utlendingane i Palestina, som var ikkje-jødiske tyskarar, ungararar og italienarar, vart internerte i ein av desse leirane, medan innbyggjarane som alt budde der berre vart verande der dei var. Sommaren 1941 vart 665 internerte kristne tyskarar frå Waldheim, nesten alle unge familiar med barn, flytta til Australia, der dei kunne starte på nytt. Mange av dei gjenverande tyskarane var anten for gamle eller for sjuke til å reise til Australia, medan andre, hovudsakleg evangeliske tyskarar, ikkje ønskte å dra dit. Med hjelp av internerte ungararar og italienarar, kunne dei internerte drive jordbruk for å brødfø seg sjølv og selje varer i byte mot forsyningar dei ikkje hadde i leirane. I desember 1941 og i 1942 vart 400 internerte, hovudsakleg koner og barn av dei som drog til Tyskland for å kjempe i krigen, sleppte fri, via Tyrkia til Tyskland.[5]

Etter freden i Paris vart dei italienske og ungarske internerte sleppte fri frå Waldheim og dei andre leirane. Britane nekta å ta i mot dei gjenverande tyske internerte til den britiske sonen i Tyskland, fordi dei alt tok i mot millionar av krigsflyktningar og andre som vart drivune ut av Polen, Tsjekkoslovakia og andre land etetr krigen. I 1947 vart dei britiske styresmaktene samde med Australia om å la dei gjenverande internerte for emigrere til Australia.

Moshav[endre | endre wikiteksten]

Den 17. april 1948 erobra Haganah landsbyen og han vart busett av jødiske bønder. Det meste av den originale tyske arkitekturen har overlevd.

I nyare tid har turisme erstatta jordbruk som hovudnæringa.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Negev, Avraham/Gibson, Shimon, Archaeological Encyclopedia of the Holy Land, New York/London 2001 (=Negev), s. 80
  2. [1]
  3. 3,0 3,1 Yet to be discovered: The Jezreeldalen Haaretz
  4. Paul Sauer,Vom Land um den Asperg im Namen Gottes nach Palästina und Australien: Die wechselvolle Geschichte der Tempelgesellschaft, lecture held on 20. oktober 1995 in Burgstetten on the occasion of the 750th anniversary of Kirschenhardthof, printed as Schriftenreihe TG, No. 1 (1996), s. 17
  5. Paul Sauer,Vom Land um den Asperg im Namen Gottes nach Palästina und Australien: Die wechselvolle Geschichte der Tempelgesellschaft, lecture held on 20. oktober 1995 in Burgstetten on the occasion of the 750th anniversary of Kirschenhardthof, printed as Schriftenreihe TG, No. 1 (1996), s. 18seqq.