Hopp til innhald

Betsy Clifford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Betsy Clifford
StatsborgarskapCanada
Fødd15. oktober 1953 (72 år)
Ottawa
Idrettalpint
Tok del i Vinter-OL 1968
Utmerkingar Canada's Sports Hall of Fame

Elizabeth Clifford, kjend som Betsy Clifford, (fødd 15. oktober 1953) er ein kanadisk tidlegare alpin skirennar frå Ottawa som vart verdsmeister i storslalåm i 1970.

Clifford debuterte i verdscupen i alpine greiner vinteren 1969. Sesongen 1969/70 etablerte ho seg i verdstoppen i slalåm med andreplassar i både Grindelwald og i Bad Gastein. Under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina overraska ho med å vinne gullmedaljen i storslalåm, einast 16 år gammal. Fire år seinare vann ho VM-sølv i utfor under alpin-VM 1974 i St. Moritz.

Clifford vann tre renn i verdscupen; to i slalåm og eitt i storslalåm. Sesongen 1970/71 vann ho, saman med franske Britt Lafforgue, slalåmpokalen i verdscupen i alpine greiner. Ho la opp i 1976.

FIS-biografi