Better Be Good to Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Better Be Good to Me
Singel av Tina Turner
frå albumet Private Dancer
B-side «When I Was Young»
Utgjeve 12. september 1984
Innspelt 1984
Sjanger Rock, new wave, dance-rock
Lengd 5:09 (LP), 3:43 (Single), 7:47 (Extended Version)
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar)
Produsent Rupert Hine
Tina Turner-kronologi
«What's Love Got to Do with It»
(1984)
Better Be Good to Me «Private Dancer»
(1984)


«Better Be Good to Me» er ein rockelåt skriven av Mike Chapman, Nicky Chinn og Holly Knight, og spelt inn av Tina Turner for det femte studioalbumet hennar, Private Dancer (1984). Songen vart opphavleg spelt inn og gjeven ut i 1981 av Spider, eit band frå New York City med medlåtskrivaren Holly Knight som medlem. Tina Turner-versjonen vart ein suksess i USA på Hot 100- og US R&B/Hip-Hop-lista. Han nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og sjetteplassen på US R&B/Hip-hop-lista. Under Grammyprisutdelinga i 1985 vann songen for beste kvinnelege rockesong, ein av fire prisar Turner vann denne kvelden.[1]

Songen vart nytta i tiande episode av Miami Vice og kom med på det første volumet av Miami Vice-albumet.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

I musikkvideoen framfører Tina Turner songen på scenen. Ho har på seg ein svart skinnjakke, svarte, korte skinnbukser, høghæla sko med leopardmønster og piggete, blondt hår. Mot slutten dukkar det opp ein mann på scenen (Cy Curnin frå The Fixx), som tar Tina i armen, og Tina ser han inn i augo og syng «Why can't you be good to me?» og skubbar han bort. På slutten forsvinn Turner frå scenen i ei røyksky. Både Curnin og gitaristen i videoen, Jamie West-Oram (òg frå The Fixx), spelar på albumet Private Dancer.

Versjonar og miksar[endre | endre wikiteksten]

  • 7" edit – 3:43
  • Video edit - 4:05
  • Albumversjonen – 5:09
  • Extended 12" Remix – 7:47
  • Extended 12" Remix (Private Dancer EMI Cententary Remaster Edit) – 7:03

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekelister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984–85) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 28
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 33
Canada Top Singles (RPM)[4] 6
Tyskland (GfK Entertainment)[5] 52
Irland (IRMA)[6] 21
Nederland (Mega Single Top 100)[7] 22
New Zealand (RIANZ)[8] 22
UK Singles (Official Charts Company)[9] 45
US Billboard Hot 100[10] 5
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[11] 16
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[12] 6
US Mainstream Rock (Billboard)[11] 32

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[13] 59
Liste (1985) Plassering
US Billboard Hot 100[14] 59

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[15] Gull 50,000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «27th Annual Grammy Awards - 1985». Rock On The Net. 26. februar 1985. Henta 22. april 2016. 
  2. David Kent (1993). Australian Chart Book 1970-1992. Australia: St Ives, N.S.W. : Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  3. "Ultratop.be – Tina Turner – Better Be Good to Me" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. april 2016.
  4. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 22. april 2016.
  5. «Tina Turner - Top Titel» (på German). GfK Entertainment. Henta 22. april 2016. 
  6. "The Irish Charts – Search Results – Better Be Good to Me". Irish Singles Chart. Retrieved 22. april 2016.
  7. "Dutchcharts.nl – Tina Turner – Better Be Good to Me" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. april 2016.
  8. "Charts.org.nz – Tina Turner – Better Be Good to Me". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 22. april 2016.
  9. "Chart Stats – Tina Turner – Better Be Good to Me" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 22. april 2016.
  10. "Turner?f=379&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 22. april 2016.
  11. 11,0 11,1 «Tina Turner Awards». AllMusic. Henta 22. april 2016. 
  12. "Turner?f=367&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard R&B/Hip-Hop Songs for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 22. april 2016.
  13. «Top 100 Singles of 1984». RPM. January 5, 1985. Henta 22. april 2016. 
  14. «The Year in Music: 1985» (PDF). Billboard. December 28, 1985. Henta 22. april 2016. 
  15. «Canadian single salstrofé – Tina Turner – Better Be Good to Me». Music Canada. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]