Betty Cuthbert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Betty Cuthbert
Betty Cuthbert, c. 1950s, by Ted Hood.jpg
Fødd 20. april 1938
Sydney
Død

6. august 2017
Mandurah

Betty Cuthbert på Commons

Elizabeth «Betty» Cuthbert (20. april 19386. august 2017) var ein australsk sprintar som vann fire olympiske gullmedaljar, den einaste som har vunne gull i både 100 meter, 200 meter og 400 meter sprint. Cuthbert sette heile 18 verdsrekordar i sprint i løpet av karrieren sin.

Under Sommar-OL 1956 i Melbourne sprang 18 år gamle Cuthbert seg inn til tre olympiske gullmedaljar: 100 meter, 200 meter og 4 x 100 meter stafett. [1] Dette var den første store internasjonale meisterskapen ho deltok i.

I 1958 sette Cuthbert to nye verdsrekordar. Ho deltok også i Sommar-OL 1960 men grunna skade rauk ho ut or forsøksheat til 100 meter. To år seinare var ho med på å vinne gullmedalje for det australske kvinnelaget i sprintstafett i samveldeleikane i Perth. Derifrå konsentrerte ho seg om distansen 400 meter. Sommar-OL 1964 i Tokyo var dei fyrste olympiske leikane der 400 meter sprint var med i programmet. Her vann Cuthbert sin fjerde olympiske gullmedalje ved å slå britiske Ann Packer med to tidelar. Etter Tokyo-leikane la ho opp.

Betty Cuthbert budde i Vest-Australia, der ho siste åra leid av sjukdommen multippel sklerose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]