Betulia liberata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Betulia liberata
K. 118
Oratorium av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Kormusikk
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1771
Typisk lengd 124:38
Satsar 16 (2 delar)
Libretto av Metastasio

Betulia liberata («Frigjeringa av Bethulia») er tittelen på ein libretto av Metastasio som opphavleg vart bestilt av keisar Karl VI og sett til musikk av Georg Reutter den yngre i 1734, og sidan sett til musikk av så mange som 30 komponistar, som Jommelli (1743), Ignaz Holzbauer (1752), Kozeluch (1780), Schuster (1787), Salieri (1821) og mest kjend av Mozart, som skreiv musikk til dette i 1771.

Mozart sin er mest kjend, men Jommelli sin versjon kan ha vore eit større stykke. Begge versjonane har fått lite merksemd, men i 2010 vart begge framført side om side ved festivalane Salzburg Whitsun og Ravenna leia av Riccardo Muti.

Mozart var 15 år gammal då han komponerte musikken i mars-juli 1771, som K. 118 (74c). Stykket er 140 minuttar langt. Det vart bestilt av Giuseppe Ximenes, prinsen av Aragon, medan Mozart var i Padova i Italia, og er det einaste oratoriet han skreiv.

Dramatis personae (for Mozart)[endre | endre wikiteksten]

  • Ozia (Ozias), guvernøren av Bethulia (tenor)
  • Giuditta (Judith), enka til Manasseh (alt)
  • Amital, adelskvinne frå Israel (sopran)
  • Achior, prinsen av Ammonites (bass)
  • Cabri (Cabris) e Carmi, høvdingar (sopranar)
  • Bethulians (kor)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]