Betuwe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Betuwe
region
Land  Nederland
Kart
Betuwe
51°55′0″ N 5°30′0″ E
Wikimedia Commons: Betuwe
Elva Linge mellom Rumpt og Beesd i Betuwe.

Betuwe er ein region i Nederland i provinsen Gelderland. Då Pannerdens Kanaal vart graven ut mellom 1701 og 1709 vart den austlegaste delen av Betuwe (inkludert byane Pannerden og Lobith) ikkje lenger rekna som ein del av regionen.

Betuwe ligg mellom elvane Waal og Rhinen/Lek og er kjend for fruktavlingane. Den største og viktigaste byen i regionen er Tiel.

I 1995 måtte ein stor del av området evakuerast på grunn av fare for stormflaum i elvane. Dette skjedde heldigvis ikkje, men det oppstod debattar om ein skulle forsterke dikene eller ikkje.

Byar i Betuwe er:

Betuw er delt inn i 11 kommunar: Overbetuwe, Neder-Betuwe, Lingewaard, Arnhem (sørleg del), Nijmegen (nordleg del), Tiel, Culemborg, Neerijnen, Geldermalsen, Lingewaal og Buren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]