Betzet
Betzet | |||
בֶּצֶת | |||
kibbutz | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Mateh Asher | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 300 (2005) | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
- Grunnlagd av | Jugoslaviske og rumenske jødar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Betzet | |||
Wikimedia Commons: Betzet (Moshav) | |||
Betzet (בֶּצֶת) er ein moshav i Vest-Galilea nord i Israel. Han høyrer til Mateh Asher regionale kommune og er ein del av Moshavrørsla, like ved byane Shlomi og Nahariya.
Moshaven vart grunnlagd i 1951 på landområde som høyrte til den palestinske landsbyen Al-Bassa, som vart øydelagd i den arabisk-israelske krigen 1948. Grunnleggjarane var immigrantar til Israel frå Balkan, særleg det tidlegare Jugoslavia og Romania. Samfunnet er kalla opp ette den antikke landsbyen Betzet som skal ha lege i nærleiken. I 2005 hadde han eit folketal på kring 300.[1]
Området dekkjer kring 2200 mål. Dei fleste innbyggjarane lever av dyrking av bananar, avokado og kalkunavl.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Betzet» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel (på hebraisk). Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 86. ISBN 965-7184-34-7.