Betzy Akersloot-Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Betzy Akersloot-Berg

Betzy Akersloot-Berg måla av Sina Mesdag-van Houten
Fødenamn Betzy Rezora Berg
Nasjonalitet Norsk-nederlandsk
Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda, Noreg
Fødd 16. desember 1850
Aurskog
Død

18. desember 1922 (72 år)
Vlieland

Yrke kunstmålar
Språk nederlandsk
Signatur
Betzy Akersloot-Berg på Commons

Betzy Akersloot-Berg (fødd 16. desember 1850 i Aurskog, daud 18. desember 1922 i Nederland),[1] opphavleg Betzy Rezora Berg, var ein norsk målar som budde i Nederland store delar av livet.

Familie og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Betzy Rezora Berg var dotter av Caspar Berg (1828–1914) og Bærtha Nordbye (1829–1912), og fødd i Aurskog i Akershus. Caspar Berg var bondeson, og Bærtha Nordby var dotter av ein av dei største jord- og skogeigarane i bygda. Akersloot-Berg vaks opp i Aurskog og vart konfirmert der, men då far hennar tok til med handel flytta dei til Christiania.[1][2]

Sjukepleier og misjonær[endre | endre wikiteksten]

Akersloot-Berg utdanna seg først til sjukepleier, sannsynlegvis på Diakonissehuset i Christiania. Deretter drog ho til Finnmark, der ho arbeidde som sjukepleiar og misjonær blant samane i fleire år. Ho var i alle fall på «Fiskarheim» i Gjesvær på Magerøya.[2]

Kunstnar[endre | endre wikiteksten]

Då ho vende tilbake til Christiania byrja ho å ta undervising ved Den kgl. Tegneskole og fekk opplæring av arkitekt Wilhelm von Hanno. Ho kopierte under Peder Cappelen Thurmann, fekk ein kort periode opplæring hos Frits Thaulow fram til ho fekk plass som elev hos Otto Sinding. I stor grad målte ho i tillegg på eiga hand, direkte etter naturen.

Då Sinding flytta til München følgde ho etter og heldt fram å måla hos han. Under ei studiereise til Wien fekk ho sjå bilete av marinemålaren Hendrik Willem Mesdag, ein nederlandsk målar og tilfeldigvis møtte ho også han og familien hans i 1885. Møtet førte til at ho flytta til Nederland og måla hos han.

I 1893 giftet ho seg med visekonsul Gooswenius Gerardus Akersloot. Tre år seinare kjøpte ekteparet Tromp's Huys på øya Vlieland, der dei vart buande resten av livet. Huset er i dag museum og stiller ut måleri av Akersloot-Berg.[1]

I mange år reiste Akersloot-Berg og ektefellen hennar til Noreg ein gong i året der ho målte langs heile kysten. Ho skildra havet i all slags vêr.[1]

Galleri og museum[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til på Museum Tromp's Huys, som er oppretta i bustaden til Betzy Akersloot-Berg og ektemannen på Vlieland, finst kunsten hennar i fleire samlingar; ved Nasjonalgalleriet i Oslo, Stavanger Kunstmuseum, Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø, Nasjonalmuséet i Stockholm, Helge Væringsaasens samling på Glomdalsmuseet i Elverum, og i Frans Hals Museum i Haarlem.[1][3][4][5]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Betzy Akersloot-Berg er omtalt i Anne Wichstrøm si bok Kvinneliv, kunstnerliv : kvinnelige malere i Norge før 1900. I 1997 skreiv Brit Bell hovudoppgåva Betzy Rezora Akersloot-Berg (1850-1922) : kvinne og kunstner om henne.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Betzy Akersloot-Berg i Norsk kunstnerleksikon
  2. 2,0 2,1 Betzy Akersloot-Berg Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. frå den norske ambassaden i Haag
  3. Joomla!. «Museum Tromp's Huys». www.trompshuys.nl. Henta 1. mars 2017. 
  4. «Elverum kommunes kunstsamling - Glomdalsmuseet». glomdalsmuseet.no (på norsk). Henta 1. mars 2017. 
  5. «Katalognr. 11: Berg, Betzy Rezora. F. Urskog, 16. desember 1850. Marinemalerinne. "Seilbåter til havs"». Elverum kunstgalleri: Helge Væringsaasens samlinger. Elverum kunstgalleri. 1957.