Bev Bevan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bev Bevan

Fødd25. november 1944 (79 år)
FødestadSparkhill i Birmingham i England
FødenamnBeverley Bevan
OpphavStorbritannia
Aktiv1962 til i dag
SjangerRock
Instrumenttrommer, perkusjon, vokal
Tilknytte artistarThe Move, Electric Light Orchestra, Black Sabbath, ELO Part II, Bev Bevan's Move
PlateselskapUnited Artists, Jet, Harvest, Epic, EMI
Verka somMusikar

Beverley «Bev» Bevan (fødd 25. november 1944) er ein engelsk trommeslagar som spelte i The Move og Electric Light Orchestra (ELO). Etter ELO gav seg i 1986 starta han ELO Part II. Bevan spelte òg trommer for Black Sabbath på turneane deira frå 1983-1984 og på albumet The Eternal Idol i 1987.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bev Bevan var, etter John Bonham, ein av dei mest kjende trommeslagarane som kom frå Birmingham i England.[1] Han vart interessert i musikk som gut, og vart profesjonell musikar 19 år gammal, då han vart medlem av Denny & the Diplomats. Dei var eit av dei mer populære gruppene i det blømande musikkmiljøet i byen, men fekk ei kort historie då «Denny», som i Denny Laine, slutta i bandet i 1963 og vart ein del av M&B Five, seinare kjend som Moody Blues. Bevan vart arbeidsledig då Laine slutta, men fekk seg kort tid etter ny jobb i Carl Wayne & the Vikings. Dette bandet klarte å spele inn tre singlar, som selde dårleg, men lukka snudde seg for Bevan i 1966 då Wayne, bassisten Ace Kefford og Bevan starta the Move.

The Move var eit legendarisk band med ein nesten Beatles-aktig aura av kreativitet kring seg[1]. Dei fleste songane til the Move vart skrivne av Roy Wood og the Move fekk ei rekkje hitsinglar i England og Europa mellom 1966 og 1970, men slo aldri igjennom i AMerika. Bevan var ein viktig medlem, ikkje berre som trommeslagar, men og med den unike bassvokalen sin på to songar, «Zing Went the Strings of My Heart» og «Ben Cawley Steel Company».[1] Dei andre medlemmane Wayne, Kefford og Rick Price fall etter kvart bort frå bandet, og i 1970 var the Move redusert til tre medlemmar med Wood, Bevan og den nye medlemmen Jeff Lynne.

Den opphavlege planen var å halde the Move i live, samstundes som bandet starta eit nytt eksperiment, kalla Electric Light Orchestra. Dei første ELO-innspelingane vart ikkje så suksessrike som dei hadde håpa, og Wood, som hadde sin eigne musikalske idear og helst likte å arbeide aleine, slutta i bandet. Sidan den tid slo ELO igjennom og fekk stor internasjonal suksess (særleg i Amerika) og Bevan vart ei internasjonal rockestjerne i lag med med Lynne dei nesten 15 åra. Lynne var den dominerande drivkrafta og både skreiv songane, produserte albuma og var frontmann og songar i bandet, men Bevan var fast medlem og skapte stabilitet i bandet, som stadig skifta andre medlemmar.[1]

Seint i 1980-åra vart ELO-namnet på eit vis halde ved like som Electric Light Orchestra, Part II, etter at Lynne gav seg med bandet for å drive med andre prosjekt. Gruppa vart etter kvart omdøypt til «the Orchestra» etter at Bevan selde sin del av retten til namnet til Electric Light Orchestra til Lynne. Etter Carl Wayne døydde i 2004, prøvde Bevan å utnytte ei anna side av den musikalske fortida si med bandet Bev Bevan's Move, eit band han turnerte med. Repertoaret til bandet var songane til the Move frå 1960-åra. Han har òg arbeidd med mange andre artistar, som den amerikanske soulstjerna Bobby Womack og heavy metal-gruppa Black Sabbath. I nyare år har han i England vore mest kjend som programleiar på radio og platemeldar.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bevan, Bev (1980). Pearce, Garth, red. The Electric Light Orchestra Story. Mushroom Books. ISBN 0-907394-01-9. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]