Beyşehirsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beyşehirsjøen
Beyşehir Gölü
innsjø
Lake Beysehir NASA.jpg
Satellittbilete av Beyşehirsjøen
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen
Høgd 1 123 moh.
Koordinatar 37°47′N 31°33′E
Lengd 45 km
Areal 650 km²

Beyşehirsjøen
37°46′55″ N 31°30′27″ E
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lake Beyşehir

Beyşehirsjøen (tyrkisk Beyşehir Gölü) er den største innsjøen i provinsane Isparta og Konya sørvest i Tyrkia. Han har eit areal på 650 km² og er 45 km lang og 20 km brei. Han har det same namnet som den største byen i regionen, Beyşehir.

Vassnivået varierer ein del gjennom året. Beyşehirsjøen vert nytta til kunstig vatning, sjølv om han òg er ein nasjonalpark. Det er 32 øyar i innsjøen. Beyşehirsjøen er òg ein viktig stad for mange fugleartar.

Den største djupna er 10 meter. Innsjøen får vatn frå elvar frå Sultanfjella.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]