Bhakti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mirabai (ca. 1498–ca.1547) er ein av dei viktigaste representantane for bhakti-tradisjonen i indisk mellomalderpoesi. Måleri av Ravi Varma.

Bhakti (sanskrit भक्ति) er eit sentralt omgrep i hinduismen som tyder samband, dyrking og kjærleik til Gud.[1] Det viser til eit personleg gudstilhøve prega av kjærleiksfylt dyrking frå tilbedaren si side. Bhakti er idag det dominerande elementet innan hinduismen, ikkje først og fremst i form av spesielle sekter, men som ei utbreidd religiøs haldning mellom vanlege folk.[2]

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bhakti kjem til uttrykk i Bhagavad-gita, der bhakti-marga «kjærleiksvegen», blir omtalt som den høgste vegen til frelse. Som rørsle oppstod bhakti i tidsrommet frå 400 til 800 e.Kr. mellom tilbedarar av hinduismens hovudgudar Visjnu og Sjiva, eller dei lokale gudane som vart identifiserte med dei. Samstundes voks ei rik hymnedikting fram på folkespråket, tamil. På 900-talet fekk vishnuittisk bhakti ei klassisk litterær form i sanskrit-verket Bhagavata Purana, og ei tid seinare ei teologisk utforming av filosofen Ramanuja. Ein reknar med at bhakti spreidde seg til Nord-India på 1000-talet, der den fekk ein rad vidgjetne religiøse og litterære representantar[3], mellom dei Radjput-prinsessa Mirabai.

Bhakti er ein viktig lekk i utviklinga av dei nord-indiske folkespråka til litteraturspråk, og tydde sannsynlegvis også mykje for hinduismens motstandskraft i møte med den muslimske hærtakinga av India.[4] Ein trur elles at kontakten med den islamske ideen om underkasting overfor Gud kan ha vore ein påverknad i utviklinga av bhakti heilt frå byrjinga av.[5] Litterært sett er Chaitanya, Surdas og Tulsidas viktige representantar for vishnuittisk bhakti i Nord-India, medan den bengalske poeten Ramprasad Sen dikta glødande hymner til gudinna Kali på 1700-talet.

Dei fleste bhakti-retningane var opne for båe kjønn og alle kastar. Typiske riter inkluderte resiteringar av namnet på guden eller gudinna, å synge lovprisande hymer om guddomen, å bere eller gå med kjenneteiknande emblem på kleda, og å reise på pilgrimsferd til heilage stader knytta til guddomen. Tilbedarane gav også daglege offer, anten i form av dyrekjøt eller vegetariske offer som frukt og blomar. Rituala kunne skje i tempelet eller i heimane til tilbedarane. Etter grupperitualar i tempelet delte presten ut bitar av «restemat» (kalla prasad) etter guddomen. Å sjå eller å bli sett av guddomen var ein sentral del av ritualet.[5]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Som eit straumdrag innan hinduismen skil bhakti seg radikalt frå ortodoks yoga og offerritualisme der guddommen spelar liten eller ingen rolle. I Bhakti er det derimot den altomfattande kjærleiken til ein personleg guddom som står i sentrum for tilbedinga. Haldninga til guddomen kan variere, og guddomen blir til dømes likna med ein bror (Rama), eit barn (Krisjna), ei mor (Kali), eller ein elskar (Krisjna). Samstundes deler dei fleste bhakti-retningane målet om frigjering frå atterfødinga, moksha.

Bhakti-tilhengjarar utfører vanlegvis gudsteneste (puja «oppvartning») av guddomen i tempel og i heimane sine, men sume bhakti-inspirerte retningar har vendt ryggen til all tempelkult og tilbeding av underordna guddomar. Mellom desse kan ein nemne shivaittar i Karnataka, så vel som sikh-guruen Nanak og diktaren Kabir. Bhajan-synging er ei form for tilbeding som er særmerkt for bhakti.[2]

Sjølv om tilhøvet til ein religiøs lærar (guru) ofte er prega av underkasting i bhakti (stundom blir guruen rekna som ein tilsynekomst av guden), er det vanlegvis (i prinsippet) likskap mellom medlemane av ei bhakti-retning utan omsyn til det indiske kastesystemet. Samstundes gjeld dette først og fremst i religiøse og kultiske samanhengar, og bhakti har ikkje målbore ei sosial protestrørsle i India.[2]

Viktige personar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bhakti. (1992). I Kværne, P., Vogt, K., Kunnskapsforlagets religionsleksikon (s. 43-44). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Wendy Doniger (2015), «Bhakti», Encyclopædia Britannica .

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «भक्ति» i Wiktionary
  2. 2,0 2,1 2,2 Kværne, P., Vogt, K., (1992), s. 44.
  3. Kværne, P., Vogt, K., (1992), s. 43.
  4. Kværne, P., Vogt, K., (1992), s. 43-44.
  5. 5,0 5,1 Doniger., W., (2015).