Bharatiya Janata-partiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bharatiya Janata-partiet (engelsk Bharatiya Janata Party, BJP, 'Indias folkeparti') er eit politisk parti i India. Det blei stifta i 1980 og blei i løpet av 1990-åra blitt det andre store nasjonale partiet i indisk politikk, ved sidan av Kongresspartiet. Partiet er knytt til høgresida og hindutva, «hindunasjonalisme».[1] Partisymbolet er ein lotusblom.[2]

BJP blei grunnlagd i 1980 som ein etterfølgjar til Bharatiya Jana Sangh. Det voks kraftig, og blei det nest største partiet ved valet i 1991. Ved valet til Lok Sabha i 1996 gjekk BJP sterkt fram og blei det største partiet i underhuset, utan å få fleirtal åleine. Partiet danna regjering under Atal Bihari Vajpayee, men klarte ikkje å mønstra fleirtal og måtte gå av etter tretten dagar. Etter nyval i 1998 danna Vajpayee på nytt regjering i ein koalisjon kalla National Democratic Alliance. Denne tapte fleirtal i 1999, men kom styrka tilbake etter nyval og blei sitjande heile valperioden ut, til 2004. Partiet har deretter vore i opposisjon på riksplan.

BJP under Vajpayee førte ein liberal økonomisk politikk og landet som heilskap opplevde sterk økonomisk vekst. India utførte atomprøvesprengingane Pokhran-II i 1998, men betra seinare det spente tilhøvet til Pakistan. Partiet var likevel knytt til indre strid mellom religiøse grupper som blussa opp på 1990-talet med Ayodhya-konflikten og såg fleire døydelege opptøyar. Narendra Modi, som var øvsteminister for delstaten Gujarat under opptøyane der i 2002, blei vald som statsministerkandidat for partiet ved valet i 2014.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arild Engelsen Ruud: Hindunasjonalismen, PACEM, bd. 7, nr. 2, 2004, s. 143-149.
  2. Political Parties And Election Symbols, 2007, Election Commission of India, s. 16 og 87.
  3. «Indians vote on key election day», BBC News (7 April 2014)
  • Kristiansen, Knut & Filseth, Gunnar. Indias samtidshistorie (30. desember 2013), Store norske leksikon. Henta 11. mai 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]