Bi'ina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bi'ina
בענה, بعنة
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°55′43″N 35°16′04″E / 32.9285°N 35.2678°E / 32.9285; 35.2678
Areal km²
Folketal 5 600  (2004)
Tidssone IST (UTC+2)
Kart
Bi'ina
32°55′43″N 35°16′04″E / 32.928488888889°N 35.267786111111°E / 32.928488888889; 35.267786111111

Bi'ina eller al-Bi'na er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel. Han ligg aust for Akko. I 2003 vart Bi'ina slått saman med Majd al-Krum og Deir al-Asad og danna byen Shaghur, men han fekk attende statusen som lokal kommune i 2008 etter at Shaghur vart oppløyst. Bi'ina har ein hovudsakleg muslimsk folkesetnad med ein liten kristen minoritet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart grunnlagd i krossfarartida og vart verande busett etter at Mamelukk-sultanatet erobra Palestina. Al-Qalqasandi (d. 1418) nemnde staden som «ein landsby i al-Sajur distrikt med eit kloster.» Klosteret vart òg nemnt seinare.[1] I 1517 vart Bi'ina i lag med resten av Palestina ein del av Det osmanske riket etter at han vart erobra frå mamelukkane.[2]

Den franske forskaren Victor Guérin vitja i 1870-åra, og skreiv at folkesetnaden vart delt mellom drusarar og «skismatiske grekarar.» Han nemnte ein moské og ei gresk kyrkje, som begge var bygd over eldre kyrkjer.[3]

I folketeljinga i 1931 hadde Bi'ina 133 hus og ein folkesetnad på 441 muslimar og 270 kristne.[4] I 1945 hadde Bi'ina 830 innbyggjarar, all arabarar.[5]

Under Operasjon Hiram, 29-31. oktober 1948, overgav landsbyen seg til den framrykkande israelske hæren. Mange av landsbybuarane flykta nordover, men somme vart verande att, og vart ikkje forviste.[6] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

I 1981 vart det oppretta ein beduin-bydel i landsbyen, busett av medlemmar av Sawaed-stamma frå Rame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ellenblum, 2003, s. 167- 169
  2. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 191
  3. Guérin, 1880, s. 445, as translated by Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s.150
  4. Mills, 1932, s. 100
  5. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s. 40[daud lenkje]
  6. Morris, 1987, s. 226

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]