Hopp til innhald

Biševo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biševo
Satellittbilete av Vis (stor) og Biševo (mindre)
Satellittbilete av Vis (stor) og Biševo (mindre)
Geografi
Stad Utanfor kysten av Dalmatia
Koordinatar 42.9735° N 16.012° E

Areal 5,8 km²

Høgaste punkt Straženica (239 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke
Kommune
Split-Dalmatia
Komiža

Demografi
Folketal 23 (2021[1])

Biševo (italiensk Busi) er ei øy i Adriahavet, som høyrer til Kroatia. Ho ligg ligg ved den dalmatiske halvøya, 5 km sørvest for øya Vis, og har eit areal på 5,8 km².[2] Administrativt høyrer øya inn under kommunen Komiža i fylket Split-Dalmatia.[3][4]

Biševo består av kalkstein, og det høgaste punktet er Straženica på 239 m. På midten av øya er det dyrkande marker, medan nordsida av øya er dekt av furuskog, og sørsida av kratt eller berr stein. Sjøen rundt er rik på fisk.[5] Hovudnæringa på øya er vindyrking og fiske.

Eit benediktinarkloster vart grunnlagd på Biševo i 1050 av Ivan Grlić (italiensk Giovanni Gherlich) frå Split, men det vart 200 år seinare forlate på grunn av trugselen for sjørøvarar. Kyrkja av St. Silvester er bevart nær ruinane av klosteret.[2][6]

Der kysten er bratt er det mange grotter, og den mest vidkjende er Den blå grotta, som har vore tilgjengeleg sidan 1884, og som ein berre kan kome inn i med båt.[5] Ho er 18 meter lang, 6 meter djup og 6 meter høg. Inngangen til grotta er berre 1,5 meter høg og 2,5 meter brei.[7] Frå klokka 10 til 13 skin sollyset gjennom opninga av grotta, og reflekterer frå den kvite havbotn, slik at lyset i grotta vert blåfarga, og lekamar i vatnet sølvfarga.[5]

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001[8] Folketal 2011[9] Folketal 2021[1]
Biševo 19 15 23

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. 
  2. 2,0 2,1 peljar.cvs
  3. «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025.  Offisiell omsetjing
  4. «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia. Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Biševo på dalmacija.net
  6. Biševo på croatiatouristcenter.com, arkivert frå originalen 5. februar 2012, henta 11. mars 2007 
  7. Biševo på nautic-apartments.com, arkivert frå originalen 5. februar 2012, henta 11. mars 2007 
  8. «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025. 
  9. «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]