Biafrabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biafrabukta
bukt
Land  Kamerun
Del av Guineabukta
Kart
Biafrabukta
3°0′0″ N 8°19′0″ E
Wikimedia Commons: Bight of Biafra

Biafrabukta eller Bonnybukta er den delen av Guineabukta som ligg mellom utløpet av Nigerelva og Kapp Lopez i Gabon.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Bukta har namn etter den tidlegare regionen Biafra i Vest-Afrika. Dette namnet er ei europeisk forvansking av namnet på lokale mafra- eller mafafolk,[1] og viste til dagens Vest-Kamerun og delar av Ekvatorial-Guinea. Det gjekk ut av bruk om regionen på slutten av 1800-talet.[2] Biafra var seinare ein kortlivd stat som erklærte sjølvstende frå Nigeria før han blei teken tilbake av Nigeria i Biafrakrigen (1967–1970).

Namnet Bonnybukta kjem frå hamnebyen Bonny i Nigerdeltaet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Biafrabukta går aust frå Nigerdeltaet i nord til ho når Kapp Lopez i Gabon.[3] I tillegg til Nigerelva er andre elvar som renn ut i bukta Cross River, Calabar, Ndian, Wouri, Sanaga, Nyong, Ntem, Mbia, Mbini, Muni og Komo.

Hovudøyane i bukta er Bioko og Príncipe. Andre viktige øyar er Ilhéu Bom Bom, Ilhéu Caroço, Elobey Grande og Elobey Chico. Land ved bukta er Nigeria (austkysten), Kamerun, Ekvatorial-Guinea (Bioko og Río Muni) og Gabon (nordkysten).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Everett-Heath, John (22. oktober 2020). «Biafra» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-190563-6. doi:10.1093/acref/9780191905636.001.0001/acref-9780191905636-e-825?rskey=tkfzqq&result=1. 
  2. Hugh Chisholm; James Louis Garvin (1926). The Encyclopædia Britannica: a dictionary of arts, sciences, literature & general information, Volumes 11-12. The Encyclopædia Britannica Company, ltd., 1926. s. 696. Henta 10. juli 2017. 
  3. "Biafra, Bight of." Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online Library Edition. Encyclopædia Britannica, Inc., 2013. Retrieved 2 November 2013.
  4. «Biafra, Bight of | Encyclopedia.com». www.encyclopedia.com. Henta 2. desember 2022.