Kvitskjeggmaurvarslar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Biatas)
Kvitskjeggmaurvarslar
Kvitskjeggmaurvarslarhann
Kvitskjeggmaurvarslarhann
Kvitskjeggmaurvarslarhoe
Kvitskjeggmaurvarslarhoe
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Kvitskjeggmaurvarslar
Utbreiinga av Kvitskjeggmaurvarslar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Biatas
Art: Kvitskjeggmaurvarslar B. nigropectus
Vitskapleg namn
Biatas nigropectus

Kvitskjeggmaurvarslar, Biatas nigropectus, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Biatas. Han er endemisk for den atlantiske skogen i Argentina og Brasil og er ein bambusspesialist. Arten er truga av tap av leveområde, og ein trur populasjonen minkar fort.

Kvitskjeggmaurvarslar er 18 centimeter i lengd, hannen har brunleg fjørdrakt med raudbrune venger og hale, svart krone, nedre strupe og bryst. Hofuglen har raudbrun krone.

I Argentina har kvitskjeggmaurvarslar vorte funne berre i Guadua-bambus, spesielt arten Guadua trinii.[1] Han lever av insektlarver, edderkoppar, små maur og frø som han plukker av bambus. Dette er ein kryptisk art som sjeldan syng, så lite er kjent om levevis og økologi.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kvitskjeggmaurvarslar