Bibliothèque nationale de France

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bibliothèque nationale de France i Paris er nasjonalbiblioteket i Frankrike (la bibliothèque nationale de la République française). Biblioteket er eit av dei største og viktigaste biblioteka i verda.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket fekk sitt noverande namn i 1994, men har sine røter attende til slutten av mellomalderen ved å ha opphav i dei kongelege boksamlingane. Kong Charles V (Karl V, 1338-1380) hadde ei boksamling på 917 bøker som han tok vare på i eit rom som han fekk innreia spesielt til dette bruket. På denne bakgrunnen fekk dei komande franske kongane òg hug til å plassere boksamlingane sine i eit særskild bibliotek, eit Librairie particulière.

Særs viktig for den vidare utviklinga vart at kong François I (Frans I) i 1537 innførte eit heilt nytt prinsipp om at trykkjarar og bokhandlarar skulle levere til biblioteket på château de Blois (slottet i Blois) eit eksemplar av alle trykksaker som vart lagt ut for sal i kongeriket. Denne pliktavleveringa vart kalla dépôt légal, og utgjorde eit viktig fundament for utviklinga av det kongelege biblioteket, som i andre halvparten av femtenhundretalet vart overført til Paris. Men biblioteket kom ikkje heilt uskadd gjennom religionskrigane.

Biblioteket vart utvikla monaleg frå 1666 under Charles Colbert de Croissy, som ville gjere det til ein institusjon til heider og ære for kong Louis XIV (Ludvig XIV). Biblioteket fekk hus i det området i Paris der det framleis har eit av sine lokale, og samlingane vart utvida ved både innkjøp og ved at det fekk eit stort tal private boksamlingar som gåver. Frå 1719, under leiinga av den kongelege bibliotekaren, l'abbé Jean-Paul Bignon, opparbeidde biblioteket seg til å verte det største og leiande i Europa. L'abbé Bignon organiserte biblioteket i avdelingar, og la vinn på å halda fram med arbeidet som forgjengarane hadde lagt opp til om å få alle viktige europeiske vitskaplege verk innlemma i biblioteket. Han var dessutan oppteke av at det skulle vere lett tilgang til biblioteket for både dei etablerte og kunnskapsrike og for vanleg interesserte og nysgjerrige.

Under den franske revolusjonen vart pliktavleveringa sett ut av kraft i tre år. Biblioteket, som no hadde vorte eit nasjonalbibliotek, fekk likevel ei sterk vokstertid, ettersom så mange boksamlingar både i Frankrike og i utlandet vart konfiskerte og innlemma i biblioteket. Både kyrkjelege boksamlingar, boksamlingar til folk som hadde emigrert, prinsane sin boksamlingar, privatsamlingane til kong Louis XVI (Ludvig XVI), Marie-Antoinette og Élisabeth de France (1764-1794, kalla Madame Élisabeth) vart såleis nasjonalbibliotekets eigedom. Deretter har boksamlingane halde fram med å vekse. Nye bygningar har vorte reiste, og på 1900-talet vart det etablert fleire anneks-bibliotek utanfor Paris, tre i Versailles (1934, 1954 og 1971), i Sablé i Sarthe (Château de Sablé)i 1980, og i Provins i 1981. Men dette var ikkje tilstrekkeleg. Difor vart det vedteke å reise eit heilt nytt bibliotekkompleks på breidda av Seinen i XIIIe arrondissement i Paris, det såkalla site François-Mitterrand, namngjeve etter president François Mitterrand, som var den formelle drivkrafta attom desse planane og realiseringa av dei. Den parten av komplekset som vart kalla studiebiblioteket vart opna 20. desember 1996, og 8. oktober 1998 vart prosjektet fullført med opninga av forskingsbiblioteket. Med dette var det moderne Bibliothèque nationale de France eit faktum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]