Biddu i Jerusalem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biddu
بدّو
kommune
Biddu
Namneopphav: «Biddu», førenamn[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°50′02″N 35°08′43″E / 31.83389°N 35.14528°E / 31.83389; 35.14528
Folketal 6 368  (2006)
Kart
Biddu i Jerusalem
31°50′02″N 35°08′43″E / 31.833888888889°N 35.145277777778°E / 31.833888888889; 35.145277777778
Wikimedia Commons: Biddu

Biddu (arabisk بدّو, hebraisk skrift בידו) er ein palestinsk by i Jerusalem guvernement, 6 kilometer nordaust for Jerusalem nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 6 368 i 2006.[2] Biddu ligg 806 til 834 meter over havet. Den israelske busetjinga Giv'on HaHadasha ligg 2 km aust for Biddu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bellarmino Bagatti meinte at fleire av bygningane i byen er frå 1100-talet. Sørvest for sentrum ligg ruinane av ein wali for sjeik Abu Talal, som kan ha vore ei krossfarar-kyrkje.[3][4]

I 1838, under Det osmanske riket, skreiv den amerikanske bibelforskaren Edward Robinson om landsbyen på reisene sine i området.[5][6]

I mai 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, kalla Biddou. Han skildra staden på eit høgt platå, med kring 150 innbyggjarar. Somme av husa verka særs gamle.[7] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine han som «ein landsby på ei klippe, med ein brunn i nordaust. Han er mellomstor.»[8]

I folketeljinga i 1922 hadde Biddu 252 innbyggjarar, alle muslimar.[9] Dette auka i folketeljinga i 1931 til 399, framleis alle muslimar, i 88 hus.[10]

I 1945 bestod folkesetnaden i Biddu av 520 arabarar og landområdet var 5 392 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 334 mål for plantasjar og irrigert land, 2 258 for korn,[12] medan 19 mål var utbygde område.[13]

Natt til 19. april 1948 vart landsbyen angripen av Palmach.[14] Styrkane vart leia av Yosef Tabenkin, basert i Jerusalem. Dei vart seinare Harelbrigaden i den israelske hæren. Åtaket kom frå Beit Surik, som hadde blitt erobra tidlegare den kvelden. Biddu vart bombardert frå ein Davidka etter at Palmach-sappørar gjekk inn i landsbyen og øydela husa.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 287
  2. Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
  3. Pringle, 1993, s. 160
  4. Pringle, 1997, s. 33
  5. Robinson and Smith, 1841, vol 2, s. 133, 141
  6. Robinson and Smith, 1841, vol 3, s. 66
  7. Guérin, 1868, s. 362
  8. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 17
  9. Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 15
  10. Mills, 1932, s. 39
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 102
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 152
  14. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.112.
  15. Allon, Yigal (1970) The Making of Israel's Army. Vallentine, Mitchell - London. ISBN 0-853-03027-8. s.194 195

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Biddu i Jerusalem