Biddya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°06′51″N 35°04′39″E
Biddya
بديا, Biddia, Bedia
kommune
Masjid Bédia AlKabeer.jpg
Namneopphav: Bidieh[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Salfit guvernement
Koordinatar 32°06′51″N 35°04′39″E
Folketal 8 064 (2007)
Borgarmeister Ramadan Shatat
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Biddya

Biddya (arabisk بديا) er ein palestinsk by i Salfit guvernement, 32 kilometer sørvest for Nablus og 16 km frå Salfit nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Biddya eit folketal på 8 064 i 2007.[2]

Biddya ligg på vestryggen til ei sentral fjellkjede som går frå nord til sør på Vestbreidda. Han ligg 320 meter over havet. Den historiske vegen Nablus-Jerusalem går i nærleiken. Det ligg ein heilagdom for ein lokal, heilag mann, sjeik Hamdan, i byen.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1596 stod Biddya (òg Beddia, Bedia, Bidya, Bedya og Bidieh) oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han eit folketal på åtte hushaldningar og ein ungkar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og bikubar.[4]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Beddia i 1870, og skildra han som ein «fjellandsby».[5] I 1882 skildra «Survey of Western Palestine» Bidieh som «ein mellomstor landsby med hus hovudsakleg av stein. Han er omgjeve av vakre lundar av svært fin, gammal oliven. Det er tydelegvis ein gammal stad. Vassforsyninga er cisterner hogde i stein.»[6]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Biddya (kalla Bedia) eit folketal på 792, alle muslimar,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde Biddya (inkludert Salita) 245 busette hus og eit folketal på 1026, framleis alle muslimar.[8] I 1945 var folketalet 1 360, alle arabarar, medan det samla landarealet var 13 466 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 5 088 for plantasjar og irrigert land, 2 319 for korn,[10] medan 47 mål var klassifisert som utbygde område.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, 226
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.
  3. Sharon, 1999, s. 235.
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 137.
  5. Guérin, 1875, s. 146
  6. Conder og Kitchener, 1882, s. 283-4
  7. Barron, 1923, Table IX, Sub-Nablus sanjak, s. 25
  8. Mills, 1931, s. 60
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]