Bidet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For ein lågt plassert vaskeservant, sjå bide.
Ein Breton bidet fotografert på byrjinga av 1900-talet.

Bidet var små tettbygde fransk hestar som vart nytta til det meste, både som trekkdyr og kløvdyr, men framfor alt som ridehest for folk flest, og særleg for statens tenestemenn. Hesten er dokumentert å ha eksistert frå fjortenhundretalet. På 1800-talet gjer veg- og jarnbaneutbygginga slike små hestar meir og meir overflødige, ettersom større og sterkare trekkdyr vart meir høvelege i transportsamanhang. Talet på dei to bidet-hestetypane, Breton bidet (frå Bretagne) og Morvan bidet (frå Morvan), var sterkt fallende pr. 1850, og ved slutten av hundreåret var så godt som alle vekke.

Bidet-hestane har gjeve opphavet til nemninga for den spesielle kummen for intim kroppsvasking, bideet.