Bielas komet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
3D/Biela
CometBiela.jpg
Bielas komet i februar 1846 etter han var delt i to
Oppdaging
Oppdaga av: Wilhelm von Biela
Oppdaga dato 27. februar 1826
Alternative namn: 1772; 1806 I; 1832 III;
1846 II; 1852 III;
1826 D1
BaneelementA
Epoke 29. september 1852 [1]
Aphel (Q) 6.190 AU
Perihel (q) 0.8606 AU
Store halvakse (a) 3.5253 AU
Eksentrisitet (e) 0.7559
Omløpsperiode (P) 6.619 a
Førre perihel 24. september 1852
Neste perihel Oppløyst i 1852

Bielas komet var ein komet med ei omløpstid på 6,6 år. Han vart oppdaga av den tyske kapteinen Wilhelm von Biela (1782–1856) i 1826. Bielas komet er det mest kjende dømet på øydelegginga av ein komet. Før 1846 var han heilt normal, men dette året delte kjernen seg i to, og brotstykka fjerna seg raskt frå kvarandre. Då dei vart sett neste gongen, var avstanden mellom dei auka til 2,5 mill. km. Seinare er han ikkje observert, men i staden viste det seg ein sterk meteorsverm (Bielidane eller Andromedidane) då jorda kom nær den tidlegare banen (særleg intens i 1872 og 1885). Kometkjernen hadde altså oppløyst seg i ein sverm av meteorittar. Planetperturbasjonar har no endra banen til svermen og han blir ikkje lenger observert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • NK 851B — OAA computing section publication