Bielski-partisanane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bielski-partisanane var ei gruppe jødiske motstandskjemparar i Kviterussland under andre verdskrigen.

Etter åtaket på Sovjetunionen begynte nazi-tyske styrkar å myrde kommunistar og jødar i dei okkuperte delane av landet. Av den jødiske Bielski-familien i Novogrudok i Kviterussland vart far, mor og to søner drepne i ghettoen der i desember 1941. Men fire søner rømde inn i skogane, saman med 13 grannar frå ghettoen, og dei vart kjernen i ei partisan-gruppe.

Den naturlege leiaren for gruppa var Tuvia Bielski, som var veteran frå den polske hæren. Han sende melding til jødane i ghettoane i området om å sende folk ut i skogen til han. Til å begynne med var det berre få som kom, men dei neste to åra voks gruppa til over eitt tusen, menn kvinner og barn. Dei væpna seg med våpen som sovjetiske styrkar med vilje hadde sett att til partisanverksemd.

Bielski-partisanane avviste ingen, sjølv om dei ikkje var i stand til å delta i væpna aksjonar, fordi dette også måtte vere ein familie-leir for at flest mogleg jødar frå området skulle overleve. Alle slags verksemder vart sette i gang i leiren, mellom dei ein skule, ei sjukestue og verkstader. Handverkarar der laga og reparerte ting, og fungerte som ein logistikk-base for sovjetiske partisan-einingar i området òg.

Bielski-partisanane spreidde skrekk blant nazikollaboratørar i området, både det kviterussiske frivillige hjelpepolitiet og lokale innbyggjarar som hadde svike eller drepe jødar. Samtidig dreiv dei sabotasje mot okkupasjonsmakta.

Nazistane utlova ein kjempedusør for den som fanga Tuvia Bielski, og gjennomførte store oppreinskingsaksjonar mot alle partisangruppene i området i 1943. Somme av desse gruppene leid store tap, men Bielski-partisanane kom seg unna til eit meir fjerntliggjande område i skogane, der dei framleis gav vern til alle som kom.

Bielski-partisanane var allierte med sovjetiske partisanar i nærleiken, under general Platon (Vasilij Yehimovitsj Tsjernysjev), men ønskte likevel å halde på sjølvstendet sitt på grunn av den særeigne dobbeltfunksjonen dei hadde - både vern av jødiske liv og kamp mot fienden.

Sommaren 1944, da den store sovjetiske sommaroffensiven tok til i Kviterussland og området vart frigjort, kom "Kalinin"-eininga inkludert Bielski-partisanane med 1230 menn, kvinner og barn ut frå skogen og marsjerte inn i Novogrudok i triumf. Dei hadde overlevd på grunn av Bielski-partisanane og deira insistering på både å redde folk og å gjere motstand samtidig.

Asael Bielski melde seg til teneste i Den raude arméen og fall i slaget ved Königsberg seinare same året. Tuvia Bielski fór etter krigen tilbake til Polen, og utvandra så til Palestina i 1945. Dei overlevande Bielski-brørne slo seg til slutt ned i USA.

Det må nemnast at Bielski-partisanane frå polsk side har vorte skulda for krigsbrotsverk som væpna ran og deltaking i ein massakre i den polske landsbyen Naliboki.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Les meir[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]