Bieszczady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bieszczadyfjella)
Bieszczady
fjellkjede
Plassering i Slovakia
Land  Slovakia,  Polen  Ukraina
Fjellkjede Karpatane
Høgaste punkt
 - stad Pikuy
 - høgd 1 405 moh.
Kart
Bieszczady
49°10′N 22°17′E / 49.17°N 22.29°E / 49.17; 22.29
Plassering i Polen
Plassering i Polen
Plassering i Polen
Wikimedia Commons: Mountains in Bieszczady
Bieszczady/Bukovské vrchy=c1; ein del av Dei ytre austlege Karpatane
Ei typisk eng (połonina) på toppen av Szeroki Wierch nær Tarnica i Polen
Bieszczady i Polen
Toppen av Szeroki Wierch nær Tarnica

Bieszczady (latinsk Poloniae Alpe Besczade, rumensk Бещады, serbisk Бјешчади) er det polske namnet på den vestlege delen av det som polakkane kallar Aust-Beskidane (Beskidy Wschodnie). Fjellkjeda er ein del av Karpatane og ligg mellom Łupków-passet (640 m) og Vyshkovskyi-passet (933 m). Łupków-passet ligg mellom Dei låge Beskidane og Pogórze Bukowskie på eine sida og Bieszczady på andre. Stundom vert Bieszczady definert som berre Vest-Bieszczady eller stundom berre den polske delen av fjellkjeda.

Den høgaste toppen i Bieszczady er Pikuy (1405 moh) i Ukraina. Den høgaste toppen i den polske delen er Tarnica (1346 moh).

Namn[endre | endre wikiteksten]

Bieszczady om heile fjellkjeda vert berre nytta i Polen. I Slovakia og Ukraina vert Bieszczady vanlegvis berre nytta om delen av fjella som ligg i Polen. I Polen vert Bieszczady vanlegvis òg berre nytta om den polske delen av Vest-Bieszczady. I Ukraina har Aust-Bieszczady forskjellige namn, men dei inneheld vanlegvis namnet Beskidane. I Slovakia vert den slovakiske delen av fjella kalla Bukovecfjella (Bukovské vrchy).

Historisk vart uttrykket Bieszczad og Beskidane nytta i hundrevis av år for å skildre fjella som skilde Polen frå Rutenia og Ungarn.

Det daglegedags polske uttrykket for Bieszczady er Biesy.

Opphavet til namnet Bieszczady er omstridd, men det kan kome frå det middelnedertyske beshêt eller beskēt som tyder vasskilje.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Sidan det finst så mange variantar av inndelinga av fjellkejda og namna til Beskidane og Dei ukrainske Karpatane er fleire inndelingar her nemnd:

Inndeling 1:

  • Bieszczady eller Vest-Bieszczady (polsk Bieszczady Zachodnie) + Bukovecfjella (slovakisk Bukovské vrchy) + (ukrainsek) Vest-Beskidane (ukrainsk Zachidni Beskydy)
  • Skole Beskids (ukrainsk Skolivs'ki Beskydy), delvis eller fullstendig kalla Dei høge Beskidane (Vysoki Beskydy); del av det ukrainarane kallar Aust-Beskidane (Skhidni Beskydy)

Inndeling 2:

Inndeling 3:

Inndeling 4: I ei gammal ukrainsk inndeling ikluderar den vestlege delen av Den midtkarpatiske senkinga til den vestlegaste delen av Dei polonyniske Beskidane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart busett i førhistorisk tid og den søraustlege polske regionen som no er Bieszczady vart dominert av fleire forskjellige stammer, inkludert keltarar, gotarar og vandalar. Etter Romarriket sitt fall, vart den søraustlege delen av Polen (sør for elva San) invadert av ungararar og vest-slavarar.

Regionen vart så ein del av Stormähren. Då ungarske stammer gjekk til åtak på riket rundt 899 erklærte lendianar seg trufaste til Det ungarske riket. Regionen vart så eit stridsområde mellom Polen, Kievriket og Ungarn.

Området vart først nemnd i 981, då Vladimir av Kievriket tok over området på veg inn i Polen. I 1018 kom det tilbake til Polen, i 1031 tilbake til russarane, og i 1340 Kasimir III av Polen det tilbake igjen.

Fram til 1947 var 84% innbyggjarane i den polske delen av Bieszczady bojkar. Drapet på den polske generalen Karol Świerczewski i Jabłonki av den ukrainske opprørshæren i 1947 var den direkte årsaka til at bojkane vart flytta, den såkalla Operasjon Wisła. Området vart stort folketomt etter dette. I 2002 beklagde dåverande president Aleksander Kwaśniewski denne operasjonen.

I 1991 oppretta UNESCO Aust-Karpatane biosfærereservat, som omfatta eit stort omårde som strekkjer seg inn i Slovakia og Ukraina. Det omfattar Bieszczady nasjonalpark (Polen), Poloniny nasjonalpark (Slovakia) og Uzjanskij nasjonale naturpark (Ukraina). Av dyr i reservata finn ein mellom anna svartstork, brunbjørn, ulv og bison.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  • Prof. Jadwiga Warszyńska. Karpaty Polskie : przyroda, człowiek i jego działalność ; Uniwersytet Jagielloński. Kraków , 1995 ISBN 83-233-0852-7
  • Prof. Jerzy Kondracki. Geografia fizyczna Polski Warszawa : Państ. Wydaw. Naukowe , 1988, ISBN 83-01-02323-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]