Big Brother and the Holding Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Big Brother and the Holding Company

OpphavSan Francisco i California
Aktiv1965–1972; 1987 til i dag
SjangerPsykedelisk rock, bluesrock, hardrock
Tilknytte artistarKozmic Blues Band
Country Joe and the Fish
Full Tilt Boogie Band
Janis Joplin
PlateselskapColumbia, Mainstream
MedlemmerBen Nieves
Peter Albin
Sam Andrew
David Getz
Tidlegare medlemmerNick Gravenites
James Gurley
Chuck Jones
Janis Joplin
Kathi McDonald
Dave Schallock
Tom Finch

Big Brother and the Holding Company er eit amerikansk rockeband som vart danna i San Francisco i 1965 som ein del av det same psykedeliske musikkmiljøet som gav Grateful Dead, Quicksilver Messenger Service og Jefferson Airplane. Dei er mest kjende for perioden då Janis Joplin var vokalist i bandet. Albumet deira Cheap Thrills frå 1968 vert rekna som eit av meisterverka innan psykedelisk musikk frå San Francisco. Det nådde førsteplassen på den amerikanske albumlista og vart rangert på 338. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Røter i San Francisco[endre | endre wikiteksten]

Leiaren Peter Albin, ein country-blues-gitarist som hadde spelt med dei framtidige medlemmane av Grateful Dead Jerry Garcia og Ron McKernan, møtte Sam Andrew, ein profesjonell rock & roll-gitarist med bakgrunn i jazz og klassisk musikk. Etter å ha spelt i lag heime hos Albin foreslo Andrew at dei skulle danne eit band.[1] Paret møtte gitaristen James Gurley og dei enda opp å spele på frie scenar halde av Chet Helms i 1965. Helms fann ein trommeslagar for dei, Chuck Jones, og organiserte den første konserten for det nydanna Big Brother and the Holding Company, Trips Festival i januar 1966. I publikum var målaren og jazztrommeslagaren David Getz, som snart erstatta Jones.

Big Brother vart husbandet i Avalon Ballroom, og spelte ei progressiv form for instrumental rock. Dei følte dei trengde ein sterk vokalist og Helms kontakta Janis Joplin i Austin i Texas, som på denne tida vurderte å bli med Roky Erickson i 13th Floor Elevators. Ho reiste til San Francisco og debuterte med bandet på Avalon den 10. juni 1966.[2][3][4]

Janis Joplin[endre | endre wikiteksten]

Joplin song for første gong med Big Brother i 1966. Fleire år seinare skildra gitarist Sam Andrew førsteinntrykket til bandet av ho:

«Me var eit etablert rock and roll-band. Me var tunge. Me var liksom: ok, ut av tre eller fire band i denne byen, så er me eitt av dei. Me var i avisa heile tida. Me gjorde det bra. Me gjer denne kvinna ei teneste med i det heile tatt la ho få lov å synge med oss. Ho kom inn og ho var kledd som ein liten texanar. Ho såg ikkje ut som ein hippie. Ho såg ut som mor mi, som òg kjem frå Texas. Ho song verkeleg bra, men det var ikkje sånn at 'Oi, me er heilt mållause'. Det var truleg meir at me var veldig høglydte. Det gjorde truleg ho mållaus. Eg er sikker på at me ikkje skrudde ned lyden for ho. Ho skreiv brev heim om kor eksotisk alle av oss var. Namna på banda. Slike ting. Med andre ord, så imponerte ikkje ho oss, og me imponerte ikkje ho. Det var truleg likt for oss begge. Ho var verkeleg intelligent. Janis var alltid situasjonen vaksen. Ho song songane. Det var ikkje den openberringa du skulle ønske at det var. Som i ein film eller noko slikt. Det var ikkje 'Å herregud, no er me i himmelen,. Me har fått Janis Joplin!' Ho var god, men ho måtte lære korleis ho skulle gjere det. Det tok ho eit år før ho verkeleg lærte å synge med eit elektrisk band.»[5]

Det tok ei stund før tilhengjarane av bandet tok imot den nye songaren. Musikken hennar var heilt annleis frå det Big Brother spelte på denne tida. Big Brother hadde vore særs eksperimentelle og hadde ein uvanleg stil, men med Janis, vart dei meir som vanlege musikarar, og songane deira hadde meir vanlege strukturar, og bandet byrja å verte meir populære i undergrunnsmiljøet i San Francisco.[6]

Debuten på Mainstream Records[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1966 signerte Big Brother ein kontrakt med Mainstream Records. Dei spelte inn alle songane for albumet Big Brother & the Holding Company for Mainstream i eit studio i Chicago i løpet av tre dagar: 12. til 14. desember. Mainstream var kjend for jazzplatene sine, og Big Brother var det første rockebandet som arbeidde med dei. Dette kan ha påverka det endelege resultatet, sidan albumet høyrdest ganske annleis ut enn det bandet venta: akustisk og folk i staden for tung syrerock. Den første singelen deira var «Blind Man» med «All Is Loneliness» på baksida, begge frå innspelinga av albumet. og kom ut i juli 1967. Han vart populær i San Francisco Bay Area, men vart ikkje lagt merke til nasjonalt. Ein ny singel, «Down On Me» med b-sida «Call On Me» kom ut i lag med debutalbumet i august 1967, etter at bandet hadde spelt på Monterey Pop Festival. Albumet debuterte på den amerikanske albumlista i september 1967 på 60. plass og låg på lista i totalt 30 veker. «Down On Me» låg åtte veker på lista og nådde 43. plass. Andre singlar frå albumet kom ut mot slutten av 1967 og i 1968. Den siste singelen var «Coo Coo» og kom ut etter det andre albumet deira kom ut på Columbia Records, i november 1968. Desse siste songane var frå den første plateinnspelinga, men var ikkje med på albumet før Columbia Records kjøpte rettane til alle Mainstream-songane og gav ut plata på ny i 1970-åra.[7][8]

Mantra-Rock Dance[endre | endre wikiteksten]

Mantra-Rock Dance-plakaten med Big Brother and the Holding Company.

Ein av dei tidleg store konsertane til bandet i 1967 var Mantra-Rock Dance den 29. januar 1967 i Avalon Ballroom for San Francisco Hare Krishna-tempel. Big Brother og Janis Joplin spelte der i lag med Hare Krishna-grunnleggaren Bhaktivedanta Swami, Allen Ginsberg, Moby Grape og Grateful Dead. Inntektene vart donerte til Krishna-tempelet.[9][10][11]

Monterey Pop Festival[endre | endre wikiteksten]

Den historiske framføringa til bandet på Monterey Pop Festival i juni 1967 skapte dei nasjonal og internasjonal merksemd. Bandet skulle spele laurdag ettermiddag med eit sett som inkluderte «Down on Me», «Combination of The Two», «Harry», «Roadblock» og «Ball and Chain». Men bandet tillet ikkje filmmannskapet til Pennebaker å filme eller ta opp lyden av dei utan å betale dei først, og gav ordre til mannskapet om å skru av kamera. Festivalleiinga syns konserten til bandet var så bra at dei ønskte at dei spelte igjen kvelden etter slik at dei kunne filme dei. Dei spelte då berre to songar: «Combination of The Two» og ein kort versjon av «Ball and Chain» (utan gitarsoloen til James Gurley). «Eg hugsar at eg var forbløffa over denne kvite kvinna som song som Bessie Smith,» sa Michelle Phillips ein gong. Dei signerte kontrakt med Columbia Records november same år og Albert Grossman vart manageren deira.[12]

Nasjonal suksess[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vorte nasjonalt kjende etter Monterey Pop Festival, vart Big Brother hyrt av Columbia til å spele konsertar over heile landet. Dei var eit kjent band på vestkysten (særleg i San Francisco) og spelte den første konserten sin på austkysten i New York City den 17. februar 1968 i Anderson Theater, 66 Second Avenue. Columbia marknadsførte Janis Joplin som stjerna. Før den tid såg mange på James Gurley som minst like viktig. Pressa i New York kritiserte bandet for at dei høyrdest ustemde ut og for at forsterkarane var skrudd opp til maks. The Village Voice skreiv at sjølv om «det var øyresus» etter konserten laurdag kveld, så hadde Janis same seksuelle fres som Jim Morrison og Jimi Hendrix og hylla ho for «hennar drivande, svingande stil», der ho blanda Bessie Smith, Aretha Franklin og James Brown. «Stundom verka det som om ho song harmoni med seg sjølv». Big Brother var det første bandet som spelte i legendariske Fillmore East i New York City, den 8. mars 1968.[13]

Cheap Thrills og brot med Joplin[endre | endre wikiteksten]

Det første albumet deira med Columbia vart spelt inn våren og sommaren 1968, og kom ut seinare på året. Det var høge forventningar til albumet, etter at det første albumet i stor grad vart oversett. Det var opphavleg planlagt som eit konsertalbum og bandet spelte to konsertar i Grande Ballroom i Detroit, men produsenten John Simon eller manageren Albert Grossman var ikkje nøgd med resultatet. Konsertalbumprosjektet vart skrinlagd, og Columbia valde å spelte inn dei fleste songane i studio. («Down on Me» og «Piece of My Heart», frå Grande Ballroom-konsertane, vart seinare gjevne ut som eind ein del av konsertalbumet til Joplin, In Concert i 1972.) Det var vanskeleg å tilpasse den rå stilen og uortodokse arbeidsmetoden deira i eit profesjonelt studio. Framdrifta gjekk sakte og press frå Grossman, Columbia og pressa auka. Eit par bandmedlemmer meinte at John Simon ikkje burde ha vore produsent, og meinte at han kom opp med ein annan musikkstil og ikkje forstod den psykedeliske, gitarbaserte stilen til bandet.[14]

Albumet heitte opphavleg Sex, Dope and Cheap Thrills, men Columbia bad dei berre kalla det Cheap Thrills. For plateomslaget fekk Columbia teke eit bilete av bandet nakne i ei hotellseng, men bandet likte det ikkje, og bad teikneserieteiknaren R. Crumb om å lage noko. Det som opphavleg skulle vere baksida på albumet har med tida vorte eit klassisk plateomslag. «Ball and Chain» er den einaste songen på albumet som er spelt inn heilt live, og sjølv om omslaget seier at konsertmaterialet vart spelt inn i Bill Graham sitt Fillmore Auditorium, vart det spelt inn under ein konsert i Winterland Ballroom i 1968; same versjon som finst på albumet Live at Winterland '68, som kom ut i 1998.[15] Albumet kom ut sommaren 1968, eit år etter debutalbumet, og gjekk heilt til topps på den amerikanske albumlista i oktober. Det låg på førsteplassen i totalt åtte veker og singelen, «Piece of My Heart» vart òg ein stor hit. Mot slutten av året var albumet eit av dei mestseljande i 1968. Dei fekk gullplate for albumet den 15. oktober, og albumet selde etter kvart over 1 million eksemplar.[16] Sjølv om albumet kom ut med berre sju songar, vart dei åtte songane som òg vart spelte inn gjevne ut på påfølgjande album. «Catch Me Daddy» og «Farewell Song» var av dei mest populære songane deira.

Mot slutten av sommaren 1968, like etter å ha spelt på Palace of Fine Arts Festival i San Francisco, annonserte Joplin at ho kom til å gå frå Big Brother seinare på hausten. Den offisielle årsaka var at ho ønskte å gå solo og danne eit soulband. Sam Andrew forlet òg bandet for å bli med Janis i det nye prosjektet hennar. Janis spelte med Big Brother fram til 1. desember 1968, på ein Family Dog-konsert i San Francisco. Tjue dagar seinare spelte ho og Andrew i Memphis for første gong med det nye bandet, seinare kalla Kozmic Blues Band.[17]

1969–1972[endre | endre wikiteksten]

Etter at Joplin forlet Big Brother, vart Dave Getz og Peter Albin med i Country Joe and the Fish og turnerte USA og Europa. Dei spelte på Country Joe-albumet Here We Go Again (Vanguard Records 1969). Getz og Albin forlet Country Joe i mai 1969 for å starte Big Brother på ny med gitarist David Nelson. Dei hadde fleire songarar på prøvespeling, mellom andre Eddie Money, Kathi McDonald og John Herald, men bandet kom til slutt saman att hausten 1969, med nesten den same besetninga (bortsett frå Joplin): Albin, Andrew, Getz og Gurley med Nick Gravenites (vokal), Dave Schallock (gitar) og Kathi McDonald (vokal) i tillegg. Be a Brother kom ut i 1970. Gurley gjekk over på bassgitar, medan Albin spelte rytmegitar, Sam Andrew song meir solovokal med Kathi McDonald, David Schallock på sologitar, Dave Getz på trommer og stundom klaverinstrument. Nick Gravenites produserte òg albumet, og skreiv fleire av songane. Dei gav ut eit siste studioalbum, How Hard It Is, i 1971. Den same besetninga Kathi og Sam og Nick på vokal og i tillegg Mike Finnegan på orgel. Bandet heldt fram med denne besetninga fram til 1972, men dop, tap av management, mangel på konsertar og intern krangling gjorde at dei gradvis fall saman og gav seg i løpet av året. I løpet av dei neste 15 åra kom dei saman ein gong for å spele «The Tribal Stomp» i 1978 i Greek Theatre i Berkeley.

1987 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Den siste delen av historia deira byrja i 1987, og bandet har turnert no og då sidan den gong med dei fleste originale medlemmene, inkludert Sam Andrew, Peter Albin, Dave Getz og James Gurley. Gurley forlet bandet i 1996 fordi han ikkje støtta ideen om å hyre inn ein kvinneleg songar til å erstatte Joplin.[18] Han vart erstatta i 1997 av Tom Finch.[19] Big Brother har ikkje lenger ein fast vokalist. Michel Bastian, Lisa Battle, Halley DeVestern,[20] Lisa Mills, Andra Mitrovich, Kacee Clanton, Sophia Ramos, Mary Bridget Davies, Chloe Lowery, Jane Myrenget, Lynn Asher, Maria Stanford, Cathy Richardson og Shiho Ochi er av songarane som har sunge med ei på konsertar. Ben Nieves er i dag gitarist i lag med Sam Andrew.[21] I 1999 gav bandet ut albumet Do What You Love, med Lisa Battle som solovokalist. Albumet inneheld nye versjonar av klassiske songar som «Women is Loser» og eit par nye songar. Eit konsertalbum spelt inn i Tyskland kom ut i 2006. I 2008 gav dei ut det doble The Lost Tapes med songar spelt inn på konsertar mellom 1966 og 1967 i San Francisco, med Janis Joplin som songar. Somme av songane hadde vore gjevne ut før uoffisielt, men her var 12 songar som aldri før var gjevne ut.[22][23]

Tidlegare gitarist James Gurley døydde i 2009 av hjarteattak, like før han fylte 70 år.[23]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Medlemmar frå det klassiske Big Brother and the Holding Company frå 1966-1968 er utheva.
Big Brother and the Holding Company-besetningar[24]
(1966)
(1966)
(1966–1968)
(1968–1969)

Bandet oppløyst

(1969–1971)
(1971–1972)
(1972–1987)

Bandet oppløyst

(1987–1997)

med

  • forskjellige gjestevokalistar
(1997-????)

med

  • forskjellige gjestevokalistar
(???? til i dag)

med

  • forskjellige gjestevokalistar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.cincygroove.com/?q=node/357
  2. Brant, Marley (2008). Join Together: Forty Years of the Rock Music Festival. Hal Leonard Corporation. s. 16. 
  3. Sinclair, Mick (2004). San Francisco: a cultural and literary history. Interlink Books. s. 204. 
  4. «Chronology». janisjoplin.net. 1998-2010. Henta 5. februar 2011. 
  5. http://www.bbhc.com/sam_interview.html
  6. Joplin, Laura (16. august 2005). Love, Janis. HarperCollins. ISBN 0060755229. 
  7. Joplin, Laura (2005-08-16). Love, Janis. HarperCollins. ISBN 0-06-075522-9.
  8. Big Brother and The Holding Co. 1999 CD reissue booklet, with notes by Sam Andrew.
  9. Bromley, David G.; Shinn, Larry D. (1989). Krishna consciousness in the West. Bucknell University Press. s. 106. ISBN 9780838751442. 
  10. Chryssides, George D.; Wilkins, Margaret Z. (2006). A reader in new religious satsar. Continuum International Publishing Group. s. 213. ISBN 9780826461681. 
  11. Joplin, Laura (1992). Love, Janis. University of Michigan (Villard Books). s. 182. ISBN 9780679416050. 
  12. Rolling Stone, The Fortieth Anniversary Special Edition, Issue 1030/1031.>>July 12–26, 2007.
  13. Buried Alive: The Biography of Janis Joplin. Crown Publishing Group. ISBN 0-517-58650-9.
  14. "CATCHING THE ENERGY. John Simon Records Big Brother, 1968"[daud lenkje] - NY Daily News
  15. http://www.amazon.com/dp/B000007TSP Myra Friedman, Janis’ biographer, album review to Amazon.com
  16. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 236. ISBN 0-214-20512-6. 
  17. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. mars 2009, henta 6. februar 2011 
  18. http://janisjoplin.net/articles/75 Arkivert 2008-11-23 ved Wayback Machine..
  19. Tom Finch Website Arkivert 2008-08-28 ved Wayback Machine..
  20. Celebrity Cafe' Interview of Halley DeVestern Arkivert 2013-10-17 ved Wayback Machine..
  21. http://www.moderngitarar.com/archives/004409.html[daud lenkje]
  22. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. mai 2012, henta 6. februar 2011 
  23. 23,0 23,1 Bok om Bandbiography, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 6. februar 2011 
  24. Scott, John W.; Dolgushkin, Mike; Nixon, Stu. (1999). DeadBase XI: The Complete Guide to Grateful Dead Song Lists. Cornish, NH: DeadBase. s. 565. ISBN 1877657220. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]