Big Log

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Big Log
Singel av Robert Plant
frå albumet The Principle of Moments
B-side «Messin' with the Mekon»
Utgjeve Juli 1983
Innspelt 1983
Sjanger Rock
Lengd 5:03
Selskap Es Paranza
Låtskrivar(ar) Robert Plant, Robbie Blunt, Jezz Woodroffe
Produsent Robert Plant, Benji LeFevre, Pat Moran
Robert Plant-kronologi
«Pledge Pin»
(1982)
Big Log «In the Mood»
(1983)


«Big Log» er ein song av Robert Plant på albumet hans The Principle of Moments frå 1983. Det var den første singelen frå albumet og den første singelen hans som nådde Topp 40 som soloartist. Han nådde 11. plass i Storbritannia og 20. plass i USA. Songen nådde òg sjetteplass på Billboard si Top Tracks-liste

B-sida til songen var i Storbritannia «Messin' with the Mekon» og i USA «Far Post».

Bassist Viktor Krauss spelte inn ein versjon av «Big Log» for albumet Far From Enough i 2004. Systera til Krauss, Alison, spelte seinare inn albumet Raising Sand med plant tre år seinare, og song vokalen på denne versjonen.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen for songen vart filma forskjellige stader i California og Nevada, mellom anna Amargosa Opera House and Hotel i Death Valley Junction og Calico Ghost Town Regional Park i California.