Big Love av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Big Love
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tango in the Night
B-side «You & I Part 1»
Utgjeve 28. mars 1987
Innspelt 1985-87
Sjanger Rock, poprock
Lengd 3:42
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Lindsey Buckingham
Produsent Lindsey Buckingham, Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi
«Can't Go Back»
(1983 UK)
Big Love «Seven Wonders»
(1987)


«Big Love» er ein song av Fleetwood Mac som kom ut i 1987 på albumet Tango in the Night. Songen var den første singelen som kom ut frå albumet og nådde femteplassen på singellista i USA,[1] og niandeplassen i Storbritannia. Singelen vart òg ein hit på dance-lista i USA der han nådde sjuandeplassen.[2]

Ein 12-tommarversjon av singelen kom med ein lengre dansemiks, med meir vokal av Stevie Nicks. 12-tommarsversjonen hadde òg med «You & I, Part II» frå Tango in the Night medan 7-tommarsversjonen hadde med «You & I, Part I», som ikkje finst på albumet. Ei avgrensa 12-tommars biletplate kom ut i Storbritannia, i tillegg til ein dobbel 7-tommarversjon med singelen «Big Love» og ein eksklusiv 7-tommar med «The Chain» som A-side.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Big Love» vart skriven av Lindsey Buckingham og vart opphavleg meint å vere ein del av det tredje soloalbumet hans, som han byrja å arbeide på i 1985. Prosjektet vart i staden omgjort til eit Fleetwood Mac-album. Songen er eit godt døme på produksjonsteknikkane som vart nytta på albumet med sin utfordrande kvinnelege og mannlege «oh - ahh»-vokal. Mange trudde at den kvinnelege «ahh»-vokalen vart sungen av Stevie Nicks, mens det i røynda er Lindsey Buckingham som syng begge. Dette vart skapt ved at stemma hans vart sampla og endra i studio for å etterlikne ei kvinnestemme.

Soloversjonen[endre | endre wikiteksten]

Då Buckingham slutta i Fleetwood Mac i 1987 (kort tid etter Tango in the Night kom ut), spelte aldri bandet «Big Love» på konsertane sine før han kom attende i 1997. Buckingham spelte sjølv songen i 1993 på den første soloturneen sin. Han spelte då songen akustisk og spelte songen på same viset i 1997 i lag med Fleetwood Mac. Denne utgåva kan ein høyre på konsertalbumet til Fleetwood Mac kalla The Dance. Denne finst òg på det andre volumet av filmmusikkalbumet til Cameron Crowe-filmen Elizabethtown.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Den stilmessige og innovative musikkvideoen til «Big Love» kosta i følgje Mick Fleetwood ein halv million dollar - ein stor sum for ein 3:30 minuttar lang video, sjølv etter dagens standard. Videoen vart til dels filma i Kimberly Crest, ein viktoriansk herregard i Redlands i California, som ofte vert nytta til bryllaup og liknande.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

12" singel (Warner Brothers Records 0-20683)

  1. «Big Love» (Extended Remix) – 6:42
  2. «Big Love» (House on the Hil Dub) – 3:03
  3. «Big Love» (piano Dub) – 6:36
  4. «You and I, Part I» – 3:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

1987-versjonen

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Big Love» er òg spelt inn av den kanadiske elektronikaartisten CFCF på debutalbumet Continent.[3]

Danny Cavanagh spelte ein versjon av «Big Love» på In Parallel, eit akustisk konsertalbum i lag med Anneke van Giersbergen.[4]

Flesh for Lulu spelte songen i på «Cold Flame»/«Big Love».

Jim Moray spelte ein versjon av songen i 2012 for albumet Skulk.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Listeplasseringa[endre | endre wikiteksten]

Original
Liste Plassering
Australian Kent Music Report[5] 16
Belgia (Flandern) [6] 8
Canadian RPM Top 100 Singles[7] 12
Nederland[8] 8
Irish Singles Chart [9] 8
Italia[10] 59
New Zealand[11] 29
Sverige [12] 14
UK Singles Chart[13] 9
US Billboard Hot 100[14] 5
US Billboard Adult Contemporary[14] 23
US Billboard Mainstream Rock[14] 2
Vest-Tyskland[15] 17
Remix
Liste Plassering
US Billboard Hot Dance Club Play [14] 7
US Billboard Hot Dance Maxi-Single Sales [14] 11

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
Canadian RPM Top 100 Singles[16] 92
US Billboard Top Pop Singlar[17] 81

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 230. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 100. 
  3. [1] Continent at Discogs. Henta on 22 February 2011
  4. [2] In Parallel at Discogs. Henta on 8 March 2011.
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. «ultratop.be Fleetwood Mac – «Big Love"» (på nederlandsk) (ASP). Hung Medien. Ultratop. http://www.ultratop.be/nl/showitem.asp?interpret=Fleetwood+Mac&titel=Big+Love&cat=s. Henta 12. august 2015. 
  7. «Top Singlar - Volume 46, No. 10». RPM. 13 June 1987. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.0820&type=1&interval=50&PHPSESSID=53gtrvbfj0gk7r9b4sd40dtvu0. Henta 12. august 2015. 
  8. «dutchcharts.nl Fleetwood Mac – «Big Love"» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Fleetwood+Mac&titel=Big+Love&cat=s. Henta 12. august 2015. 
  9. «Search the Charts» (enter «Fleetwood Mac» into the «Search by Artist» box, then select «Search"). Irish Recorded Music Association. http://irishcharts.ie/search/placement. Henta 3 May 2010. 
  10. «Hit Parade Italia: Indice per Interprete: F: Fleetwood Mac» (på Italian). hitparadeitalia. http://www.hitparadeitalia.it/indici/per_interprete/af.htm. Henta 12. august 2015. 
  11. «charts.org.nz Fleetwood Mac – «Big Love"» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=Fleetwood+Mac&titel=Big+Love&cat=s. Henta 12. august 2015. 
  12. «swedishcharts.com Fleetwood Mac – «Big Love"» (ASP). http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Fleetwood+Mac&titel=Big+Love&cat=s. Henta 20 February 2013. 
  13. «Fleetwood Mac > Artists > Official Charts». UK Album Chart. http://www.officialcharts.com/artist/_/Fleetwood%20Mac. Henta 12. august 2015. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 «Allmusic: Tango in the Night: Charts & Awards». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r7409/charts-awards. Henta 2 March 2014. 
  15. «Single Search: Fleetwood Mac – «Big Love"» (på tysk). Media Control. http://www.officialcharts.de/song.asp?artist=Fleetwood+Mac&title=Big+Love&country=de. Henta 20 February 2013. 
  16. «Top Singlar - Volume 47, No. 12; Top 100 Single of 1987». RPM. 26 desember 1987. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.0920&type=1&interval=50&PHPSESSID=53gtrvbfj0gk7r9b4sd40dtvu0. Henta 12. august 2015. 
  17. Nielsen Business Media, Inc (26 desember 1987). Billboard Magazine – Year End Charts – Year-end Charts of 1987. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]