Big Yellow Taxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Big Yellow Taxi
Singel av Joni Mitchell
frå albumet Ladies of the Canyon
B-side Woodstock
Utgjeve April 1970
Innspelt 1970
Sjanger
Lengd 2:16
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi
Big Yellow Taxi «Carey»
(1971)


«Big Yellow Taxi» (Stor gul drosjebil) er ein song skriven og framført av Joni Mitchell i 1970. Det vart ein stor hit i heimlandet Canada (#14), samt i Australia (#6) og Storbritannia (#11). Han nådde berre 67. plass i USA i 1970, men vart ein større hit for henne med ein konsertversjon i 1975, som nådde 24. plass.   The Neighborhood si utgåve av songen nådde òg hitlista i USA i 1970 med ein 29. plass. I tillegg har Maire Brennan, Amy Grant og Counting Crows hatt hitversjonar av songen.  

Mitchell si utgåve[endre | endre wikiteksten]

  Mitchell fekk ideen til songen under ei reise til Hawaii. Ho såg ut av hotellvindauget mot den vakre naturen med Stillehavet og fjella i bakgrunnen, og så ned på ein parkeringsplass.   Mitchell snakka om songen til journalist Alan McDougall tidleg i 1970-åra:

« Eg skreiv 'Big Yellow Taxi' på den første reisa mi til Hawaii. Eg tok ein taxi til hotellet og då eg vakna morgonen etter, drog eg gardinene frå og såg desse vakre grøne fjella i horisonten. Så så eg ned og der var ein parkeringsplass så langt auga kunne sjå, og det såra hjartet mitt... denne skampletten i paradis. Så eg sat meg ned og skreiv songen.[3] »

  Songen er kjend for miljøbodskapet (frå teksten «They paved paradise to put up a parking lot» - «Dei asfalterte paradis og bygde ein parkeringsplass», «Hey farmer, farmer, put away that DDT now» - «Hei, bonde, bonde, legg frå deg den DDTen no») og den sentimentale stilen. Linja «Took all the trees, put 'em i a tree museum/And charged the people a dollar and a half just to see 'em» syner til Foster Botanical Garden i sentrum av Honolulu, som er ein botanisk hage av tropiske planter, somme sjeldne og utryddingstrua.[4]   Den originale innspelinga til Mitchell vart først gjeven ut som singel og kom sidan ut på albumet Ladies of the Canyon i 1970.  Ein seinare konsertversjon vart gjeven ut i 1975 og nådde 24. plass i USA. Den leikande teksten til Mitchell har gjort songen til ein av dei mest kjende songane hennar, og vert framleis mykje spelt på radio. I 2005 vart songen kåra til den 9. beste kanadiske songen gjennom tidene.   I 2007 gav Joni Mitchell ut albumet Shine som inneheld ei nyinnspeling og omarrangering av songen.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Australia (ARIA)[5] 6
Canada Top Singles (RPM) 14
Nederland (Mega Single Top 100)[6] 19
UK Singles (The Official Charts Company) 11
US Billboard Hot 100[7] 67
US Billboard Easy Listening[8] 33
Liste (1974–75) Plassering
US Billboard Hot 100[7] 24
US Billboard Easy Listening[8] 27
Liste (1996) Plassering
US Billboard Hot Dance Club Play 39

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[9] Sølv 200 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Don't it always seem to go
That you don't know what you've got till it's gone
They paved paradise and put up a parking lot

Joni Mitchell

Mange andre artistar har spelt songen, mellom andre Amy Grant, Melanie (Melanie Safka), Counting Crows med og utan Vanessa Carlton, Sandi Thom, Kaya, Pinhead Gunpowder, Paul Tillotson, Moya Brennan, Keb Mo, Chris Thomas King, Keren Ann, acappellakvintetten Toxic Audio, Bob Dylan, Green Day, The Tragically Hip og Jack JohnsonTracy Chapman har spelt songen på mange av konsertane sine.  

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

  • Ei singelutgåve av vokalgruppa The Neighborhood nådde 29. plass i USA sommaren 1970.
  • Bob Dylan spelte inn songen under innspelinga av albumet New Morning i 1970, men han kom ikkje ut før i 1973 på samleplata Dylan. Han skreiv noko om teksten der taxien vart ein bulldosar som «took away the house and land».
  • Joe Dassin skreiv om songen til fransk som «Le Grand Parking».

 

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

  • Opningssporet «Lies (through the 80's)» på albumet Chance av Manfred Mann's Earth Band inneheld tekst og melodi frå songen.
  • Ein langsam jazzversjon finst på eit album av B.B. Gabor.
  • Det vert vist til songtittelen av Janet Jackson på singelen hennar «The Pleasure Principle» frå albumet Control frå 1986.

 

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

  • I 1993 gav Máire Brennan ut songen som singel med tilhøyrande video. Songen vart ein hit i fleire land.[10]
  • I 1994 spelte punkrockbandet (og sideprosjektet til Green Day-medlemmet Billie Joe Armstrong) Pinhead Gunpowder songen for debutalbumet Jump Salty.
  • I 1995 gav Amy Grant ut ein versjon av «Big Yellow Taxi» som vart mykje spelt på radio i både USA og Storbritannia. Singelen nådde 67. plass i USA og 20. plass i Storbritannia. Grant laga òg musikkvideo til songen.
  • I 1996 gjekk «Big Yellow Taxi (Traffic Jam Mix)» opp til 39. plass på den amerikanske danselista og vart gjeven ut på musikken frå fjernsynsserien Friends.
  • Songen vert sampla i Janet Jackson og Q-Tip-songen «Got 'Til It's Gone» frå Jackson sitt The Velvet Rope frå 1997.

 

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Salslister for andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Amy Grant-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[11] 25
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[12] 4
Europa (Eurochart Hot 100)[13] 67
Island (Íslenski Listinn Topp 40)[14] 4
Skottland (Official Charts Company)[15] 17
UK Singles (Official Charts Company)[16] 20
US Billboard Hot 100[17] 67
US Adult Contemporary (Billboard)[18] 18
US Adult Pop Songs (Billboard)[19] 28

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
Canada Adult Contemporary (RPM)[20] 47
Island (Íslenski Listinn Topp 40)[21] 96

Counting Crows og Vanessa Carlton-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2003) Plassering
Australia (ARIA)[22] 3
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[23] 40
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[24] 33
Europa (Eurochart Hot 100)[25] 43
Tyskland (Media Control AG)[26] 67
Irland (IRMA)[27] 7
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[28] 19
Nederland (Mega Single Top 100)[29] 23
New Zealand (RIANZ)[30] 4
Romania (Romanian Top 100)[31] 23
Skottland (Official Charts Company)[32] 10
Sverige (Sverigetopplistan)[33] 55
Sveits (Schweizer Hitparade)[34] 63
UK Singles (Official Charts Company)[35] 16
US Billboard Hot 100[36] 42
US Adult Alternative Songs (Billboard)[37] 2
US Adult Contemporary (Billboard)[38] 5
US Adult Pop Songs (Billboard)[39] 5
US Pop Songs (Billboard)[40] 30

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2003) Plassering
Australia (ARIA)[41] 15
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[42] 93
New Zealand (Recorded Music NZ)[43] 11
UK Singles (Official Charts Company)[44] 183

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[45] Platina 70 000^
USA (RIAA)[46] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Bjelleklang gav ut ein norskspråkleg versjon omsett av Finn Evensen kalla «Jeg sku' vært på Kurland i natt», gjeve ut på albumet Kort ved øra i 1996.  

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jason Hanley (26. november 2014). We Rock! (Music Lab): A Fun Family Guide for Exploring Rock Music History: From Elvis and the Beatles to Ray Charles and The Ramones, Includes Bios, Historical Context, Extensive Playlists, and Rocking Activities for the Whole Family!. Quarry Books. s. 132. ISBN 978-1-62788-220-0. 
  2. Madelena Gonzalez (2005). Fiction After the Fatwa: Salman Rushdie and the Charm of Catastrophe. Rodopi. s. 191. ISBN 90-420-1962-X. 
  3. Hilburn, Robert (7. desember 1996). «Joni Mitchell looks at both sides now: her hits -- and misses». Los Angeles Times. Henta 19. januar 2011. 
  4. Mattison, Shane. «Tree museum». Lyric Glossary. JoniMitchell.com. Arkivert frå originalen 2008-06-16. Henta 20. januar 2011. 
  5. "Australian-charts.com – Joni Mitchell – Big Yellow Taxi". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  6. "Dutchcharts.nl – Joni Mitchell – Big Yellow Taxi" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  7. 7,0 7,1 Bronson, Fred (29. mars 2003). «Chart Beat». Billboard: 70. 
  8. 8,0 8,1 Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 166. 
  9. «British single salstrofé – Joni Mitchell – Big Yellow Taxi». British Phonographic Industry.  Enter Big Yellow Taxi in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  10. Misty Eyed Adventures.
  11. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  12. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada.
  13. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 12 (27): 12. 8. juli 1995. Henta 22. januar 2021. 
  14. «Íslenski Listinn Topp 40 (2.7. '95 – 15.7. '95)». Dagblaðið Vísir (på islandsk). 1. juli 1995. s. 20. Henta 22. januar 2021. 
  15. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  16. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  17. "Grant?f=379&g=Singles Amy Grant Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Amy Grant. Prometheus Global Media.
  18. "Grant?f=341&g=Singles Amy Grant Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Amy Grant. Prometheus Global Media.
  19. "Grant?f=343&g=Singles Amy Grant Album & Song Chart History" Billboard Adult Pop Songs for Amy Grant. Prometheus Global Media.
  20. «RPM Top 100 Adult Contemporary Tracks of 1995». RPM (Library and Archives Canada). Henta 22. januar 2021. 
  21. «Árslistinn 1995». Dagblaðið Vísir (på islandsk). 2. januar 1996. s. 25. Henta 22. januar 2021. 
  22. "Australian-charts.com – Counting Crows feat. Vanessa Carlton – Big Yellow Taxi". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  23. "Counting Crows feat. Vanessa Carlton – Big Yellow Taxi – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  24. "Ultratop.be – Counting Crows feat. Vanessa Carlton – Big Yellow Taxi" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  25. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 21 (11): 11. 8. mars 2003. Henta 22. januar 2021. 
  26. "Counting Crows feat. Vanessa Carlton - Big Yellow Taxi". Charts.de. Media Control.
  27. "The Irish Charts – Search Results – Big Yellow Taxi". Irish Singles Chart. Retrieved 22. januar 2021.
  28. "Nederlandse Top 40 – week 8, 2003" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 22. januar 2021.
  29. "Dutchcharts.nl – Counting Crows feat. Vanessa Carlton – Big Yellow Taxi" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  30. "Charts.org.nz – Counting Crows feat. Vanessa Carlton – Big Yellow Taxi". Top 40 Singles. Hung Medien.
  31. «Arhiva romanian top 100 – Editia 21, saptamina 2.06–8.06, 2003» (på rumensk). Romanian Top 100. Arkivert frå originalen 18. februar 2005. Henta 22. januar 2021. 
  32. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 22. januar 2021.
  33. "Swedishcharts.com – Counting Crows feat. Vanessa Carlton – Big Yellow Taxi". Topp 60. Hung Medien.
  34. "Counting Crows feat. Vanessa Carlton – Big Yellow Taxi – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  35. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 22. januar 2021.
  36. "Crows?f=379&g=Singles Counting Crows Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Counting Crows. Prometheus Global Media. Henta 22. januar 2021.
  37. "Counting Crows Chart History (Adult Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 22. januar 2021.
  38. "Crows?f=341&g=Singles Counting Crows Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Counting Crows. Prometheus Global Media. Henta 22. januar 2021.
  39. "Crows?f=343&g=Singles Counting Crows Album & Song Chart History" Billboard Adult Pop Songs for Counting Crows. Prometheus Global Media. Henta 22. januar 2021.
  40. "Crows?f=381&g=Singles Counting Crows Album & Song Chart History" Billboard Pop Songs for Counting Crows. Prometheus Global Media. Henta 22. januar 2021.
  41. «2003 ARIA Singles Chart». ARIA. Henta 22. oktober 2020. 
  42. «Top 100–Jaaroverzicht van 2003». Nederlandsk Topp 40. Henta 30. mars 2020. 
  43. «End of Year Charts 2003». Recorded Music NZ. Henta 22. januar 2021. 
  44. «The Official UK Singles Chart 2003» (PDF). UKChartsPlus. Henta 22. januar 2021. 
  45. «ARIA Charts – Accreditations – 2003 Singles». Australian Recording Industry Association. 
  46. «American single salstrofé – Counting Crows – Big Yellow Taxi». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]