Bigamiloven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edit-find-replace.svg Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå bokmål enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Statsminister Johan Nygaardsvold og utanriksminister Trygve Lie i den norske eksilregjeringa i London under krigen.
Foto: Ole Friele Backer, London 1944

Bigamiloven, eller Lex Nygaardsvold er kallenamnet for ei endring i den norske ekteskapsloven under andre verdskrig. Den vart vedteke som ein mellombels anordning av eksilregjering i London 15. april 1942.[1][2] Anordninga opna for tilgjenge til skilsmisse ved løyve (administrativ beslutning) når ein av ektefellane søkte om det, og det på grunn av krigen eller andre særlege tilhøve ikkje var mogleg å få samband med, og varsla den andre ektefelle.

Endringa i loven gjorde det mogleg for nordmenn i Storbritannia, USA og Sverige å gifta seg på nytt utan å informera ektefellen i Noreg. Skilsmissesøknader kunne løyvast av det norske justisdepartementet i London, viss ektefellane hadde budd frå kvarandre i minst tre år. Det skal ha vorte inngått mellom 60 og 70 slike giftarmål i løpet av dei to og ei halvt åra ordninga varte. På grunn av manglande kontroll av papir, gifta òg ei ukjent mengd nordmenn seg på nytt i utlandet utan å ha fått skilsmisse først.

«Symbolet» på bigami

Då ordninga vart kjend i Noreg etter krigen, møtte den kritikk for å ta lite omsyn til forlatne kvinner som ikkje fekk melding, og familiar som mista forsytarar. Etter debatt i Stortinget vart loven oppheva 3. oktober 1945.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger på nb:Bigamiloven frå bokmålsutgåva av Wikipedia 20. februar 2018

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bigamiloven» i Store norske leksikon (frå papirutgåva 2005-2007, fri ombruk)
  2. Aftenposten.no 9. mai 2015: Gjenforeningslykken var stor i 1945 - men for nokre hustruer blei fredsdagane ei katastrofe