Biggi Bachmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biggi Bachmann
Fødd20. hundreåret
FødestadEschen
OpphavLiechtenstein
Sjangerslager
Verka somsongar

Biggi Bachmann er ei tidlegare songarinne frå Liechtenstein.

I 1975 kom den fyrste singelen hennar ut, «Herzbrecher». Etter ei intern utveljing i 1976 skulle ho ha vorte den fyrste liechtensteinske deltakaren i Eurovision Song Contest med songen «My Little Cowboy». Ho fekk likevel ikkje delta av di Liechtenstein på dette tidspunktet korkje hadde nokon eigen radiosendar eller fjernsynskringkastar.[1] I 1979 kom den andre singelen hennar ut, «Musik Musik». Med denne deltok ho i den nasjonale Eurovision-tevlinga til Sveits, der ho enda på ein sjetteplass.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Herzbrecher (Single, Ariola)
  • 1979: Musik Musik (Single, Ariola)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ones That Got Away», nulpoints.net; ESC 1976, ecgermany.de
  2. Biggi Bachmann, 45cat.com