Bijlands Kanaal

Koordinatar: 51°51′30″N 6°04′37″E / 51.85833°N 6.07694°E / 51.85833; 6.07694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bijlands Kanaal ved Millingen

Bijlands Kanaal er ein kanal i Gelderland i Nederland, nær grensa til Tyskland. Det er for tida det klart viktigaste elvestrekket av Rhinen etter at elva renn inn i Nederland.

Kanalen vart grave ut mellom 1773 og 1776 for å kutte igjennom ein stor sving i elva Waal for slik å betre vassreguleringa. Denne og andre tilsvarande svingar er i dag berre mindre elvar. Desse heiter Oude Waal, De Bijland og Oude Rijn, som er den største. Desse fungerer i dag stort sett berre som buffersoner mellom dei frittflytande Waal og Nederrijn på eine sida og gamle elveleier på den andre som ikkje lenger er direkte tilslutta dei nyare elvafara. I situasjonar med høg vassføring flaumer dei nye elvane over i dei gamle elvefara og både Oude Waal og De Bijland vert frittflytande elvar igjen.

I dag er kanalen den viktigaste transportåra på Rhinen og den første seksjonen av forgreininga Waal-Rhinen.

51°51′30″N 6°04′37″E / 51.85833°N 6.07694°E / 51.85833; 6.07694

Kjelder[endre | endre wikiteksten]