Biko av Peter Gabriel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Biko
Singel av Peter Gabriel
frå albumet Peter Gabriel
B-side «Shosholoza»; Jetzt Kommt Die Flut (Here comes the Flood, på tysk), berre 12"
Utgjeve 1980
Sjanger Kunstrock
Eksperimentell rock
Verdsmusikk
Lengd 7:22
Selskap Charisma Records
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel
Produsent Steve Lillywhite
Peter Gabriel-kronologi
«No Self Control»
(1980)
Biko «Shock the Monkey»
(1982)


Glasmåleri av Steve Biko

«Biko» er ein protestsong av den engelske musikaren Peter Gabriel frå 1980. Songen er med på det tredje albumet hans, Peter Gabriel (1980) og handlar om Steve Biko, ein kjend svart sørafrikansk anti-apartheid-aktivist.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Biko vart arrestert av sørafrikansk politi seint i august 1977. Etter å ha vorte halden i varetekt i fleire dagar vart han forhøyrt i rom 619 i Walmer Street fengsel i Port Elizabeth i Eastern Cape.[1] Under forhøyret blei han mishandla av fleire politifolk, og fekk store hovudskadar.[2] Etterpå vart Biko overført til eit fengsel i Pretoria, der han døydde kort tid etter, den 12. september 1977.

Nyheita om hendinga spreidde seg raskt over heile vera, og blei eit symbol på det sørafrikanske apartheidregimet.[3] Biko si stilling som eit individ som aldri var blitt dømd for noko brotsverk gjorde han til ein kjend martyr for anti-apartheidsaka.[4][5]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Fleire musikarar skreiv songar om Biko, mellom dei Tom Paxton, Peter Hammill, Steel Pulse og Tappa Zukie.[5] Peter Gabriel høyrde om dødsfallet til Biko på BBC, og byrja finna ut meir om livet hans. På denne tida var Gabriel også blitt interessert i afrikansk musikk. Det tredje soloalbumet hans, Peter Gabriel (1980), der «Biko» blei teken med, syner påverknad frå afrikanske musikkstilar.[4][6] Gabriel var også påverka av den politisk motiverte new-wave-artisten Tom Robinson,[7] som skal ha oppmuntra Gabriel til å gje ut songen Gabriel sjølv byrja å tvila på om han skulle.[8]

Gabriel spelar ofte songen på slutten av konsertane sine og oppfordrar publikum til å synge med han, og til slutt er berre trommeslagaren att på scenen. På albumversjonen av songen kan ein høyre den sørafrikanske songen «Senzeni Na?» i kvar ende av songen. Denne vart sungen i gravferda til Biko.[9]

«Biko» vart først gjeven ut som singel i 1980 og nådde då 38. plass på singellista i Storbritannia. Ein konsertversjon, spelt inn i juli 1987 i Blossom Music Center i Cuyahoga Falls i USA, kom ut seinare det året og nådde 49. plassen i Storbritannia. Ein nyinnspelt versjon av songen (igjen av Gabriel) vart nytta til å marknadsføre den biografiske filmen til Richard Attenborough, Cry Freedom om Biko og musikkvideoen (som hovudsakleg bestod av klipp frå filmen) vart mykje spelt på MTV.

«Biko» vart òg spelt i «Evan», den nest siste episoden i første sesongen av den amerikanske fjernsynsserien Miami Vice.

Ei linje frå teksten er «Yehla Moya» som på språket xhosa tyder «kom and».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Robert Wyatt gav ut ein versjon av songen i 1984 på EP-en Work In Progress.[10] Simple Minds spelte inn ein versjon i 1989 for albumet Street Fighting Years. Han vart òg spelt av Black 47 og Joan Baez på albumet hennar Recently i 1987 og av Manu Dibango i 1994 på albumet Wakafrika. Steve Van Zandt sa at han vart inspirert av songen til å skrive sin anti-apartheid protestsong «Sun City» i 1985, framført av Artists United Against Apartheid. Organisasjonen Playing for Change spelte inn songen for albumet Songs Around the World. TV on the Radio har òp spelt inn songen. I februar 2010 spelte Paul Simon songen i lag med Peter Gabriel på prosjektet Scratch My Back / I'll Scratch Yours I 1988 skreiv den tyske musikaren Wolfgang Niedecken frå rockebandet BAP tysk tekst til songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steven Bantu Biko - A Sequence of events whilst in detention - 18. august to 12 September 1977
  2. Woods 1978, s. 182.
  3. Mangcu 2014, s. 263.
  4. 4,0 4,1 Drewett 2007, s. 40.
  5. 5,0 5,1 Lynskey, Dorian (6. desember 2013). «Nelson Mandela: The Triumph of the Protest Song». The Guardian. Arkivert frå originalen den 9. februar 2017. Henta 26. oktober 2016. It was Steve Biko, not Mandela, who became the first anti-apartheid icon. When the young leader of the radical black consciousness movement died in police custody in 1977, he inspired songs by the folksinger Tom Paxton, the prog-rock star Peter Hammill, the reggae artists Steel Pulse and Tappa Zukie, and, tardily but most famously, Peter Gabriel. 
  6. Drewett et al. 2016, s. 6.
  7. Bowman 2016, s. 91.
  8. Easlea 2013, chpt. 14.
  9. Drewett, Michael (February). «The Eyes of the World Are Watching Now: The Political Effectiveness of ‘Biko’ by Peter Gabriel». Popular Music and Society 30 (1): 39–51. doi:10.1080/03007760500504929. 
  10. Robert Wyatt - Solo

Bibliografi
  • Drewett, Michael (February 2007). «The Eyes of the World Are Watching Now: The Political Effectiveness of ‘Biko’ by Peter Gabriel». Popular Music and Society 30 (1): 39–51. doi:10.1080/03007760500504929. 
  • Drewett, Michael; Hill, Sarah; Kärki, Kimi (2016). «Peter Gabriel: From Genesis to Growing Up». I Drewett, Michael; Hill, Sarah; Kärki, Kimi. Peter Gabriel: From Genesis to Growing Up. Abingdon, UK: Routledge. s. 1–14. ISBN 9781351554299. 
  • Mangcu, Xolela (2014). Biko: A Life. London and New York: I. B. Tauris. ISBN 978-1-78076-785-7. 
  • Woods, Donald (1978). Biko. New York and London: Paddington Press. ISBN 0-8050-1899-9.