Bikonkav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bikonkav linse

Ei bikonkav linse er boga innover på begge sider. Ei lysstråle som går gjennom linsa vil divergere (verte spreidd), så linsa vert òg kalla ein negativ eller divergerande linse. Etter stråla har passert gjennom linsa, ser ho ut til å stråle ut frå eit særskild punkt på aksen i front av linsa. Avstanden frå dette punktet til linsa vert òg kalla brennpunktlengda, sjølv om denne er negativ med omsyn til brennpunktlengda til ei konvergerande linse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]