Bikubesong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Murboligen i Odda utgjer fokus i Bikubesong.

Bikubesong er ein roman skriven av den norske forfattaren Frode Grytten. Boka vart utgitt i 1999Det Norske Samlaget. Bikubesong har vorte sett som ein «novelistisk roman», på grunn av at han består av 25 små «novelleaktige» forteljingar som skildrar dagleglivet i industribyen Odda i Hordaland. Murboligen, ein arbeidarbustad, er det som bind desse forteljingane saman, sidan alle forteljingane involverer denne bustaden. Tema som vert tatt opp i Bikubesong er alt i frå kjærleik og utruskap til politikk og løgn.

Frode Grytten mottok ein Bragepris for romanen, og han vart i tillegg nominert til Nordisk Råds Litteraturpris.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]