Bilal Hassani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilal Hassani
Bilal hassani NRJ Reims 79785.jpg
Fødd9. september 1999 (22 år)
FødestadOrsay
OpphavFrankrike
Aktiv2015–
Sjangerpop
Instrumentpiano
PlateselskapLow Wood
Verka somsongar, youtubar, låtskrivar, fjernsynsprodusent

Bilal Hassani (fødd 9. september 1999) er ein fransk songar, låtskrivar, publikumspåverkar og videomakar. Han er kjend for sine musikkvideoar på YouTube, og han deltok i den TV-sende talenttevlinga The Voice Kids i 2015. I 2019 representerte han Frankrike i Eurovision Song Contest i Tel Aviv med songen «Roi».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bilal Hassani framfører «Roi» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

Bilal Hassani vart fødd i Paris og har marokkansk opphav.[1] Han har ein eldre bror, Taha Hassani (fødd 1995). Foreldra skilde seg då Bilal var to år gammal.[2][3]

Som femåring byrja han å opptre og syngje for familien, og tok deretter songtimar.[2] I 2015 vart han overtalt av komikarvennen Nemo Schiffman til å delta i den franske talenttevlinga The Voice Kids på TV-kanalen TF1. Der opptredde han med Eurovision-vinnarsongen «Rise Like a Phoenix» av idolet sitt, den austerrikske dragqueen-artisten Conchita Wurst.[4] Han vart anteken av dommarane og fekk songaren Patrick Fiori som mentor. Hassani vart til slutt slått ut i andre runde.[5]

I desember 2018 vart Hassani offentleggjord som ein av 18 deltakarar i songtevlinga Destination Eurovision på France 2, den franske uttakinga til Eurovision Song Contest. Han deltok med songen «Roi», som vart sloppen 4. januar 2019. Hassani vann sin semifinale 12. januar 2019 og seinare finalen laurdag 26. januar 2019. Han fekk dimed representere Frankrike i Eurovision Song Contest i Tel Aviv 14.–18. mai 2019.[6][7] Som ein av dei fem største økonomiske bidragsytarane, var Frankrike direktekvalifisert til finalen 18. mai, og Hassani hadde startnummer 21.[8] I finalen vart han nummer 16 av 26 deltakarar.[9]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

I 2017 vart Hassani uteksaminert frå vidaregåande, og 23. juni same år kom han offentleg ut som homofil via sosiale medium.[10] Han er kjend for sin androgyne stil og for flamboyante opptredenar og kostyme. I 2018 peika homo-magasinet Têtu ut Hassani som ein av «30 LHBT-personar som utviklar Frankrike» og kalla han eit «ikon for fransk LHBT-ungdom».[11][12]

Hassani har sidan motteke rasistiske og homofobiske angrep via sosiale medium, og han har motteke fleire dødstrugslar via nettet.[13] Samskipnadene Urgence Homophobie og Stop Homophobie har gått saman om å oppsøkje og rettsleg forfølgje personane som har uttrykt hat mot Bilal Hassani på sosiale medium.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2016: «Wanna Be»
  • 2017: «Follow Me»
  • 2017: «House Down»
  • 2018: «Shadows»
  • 2018: «Heaven With You»
  • 2019: «Roi»
  • 2019: «Jaloux»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eurovision 2019 : qui est Bilal Hassani, le chanteur qui représentera la France avec la chanson "Roi" ?» (på fransk). Henta 27. januar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Eurovision : Bilal Hassani, idole des ados et cible des homophobes» (på fransk). Henta 27. januar 2019. 
  3. Clavaud-Mégevand, Coline (3. oktober 2018). «Qui est Bilal Hassani, l’influenceur et chanteur qui a séduit Janet Jackson ?» (på fransk). Henta 27. januar 2019. 
  4. «The Voice Kids : Une mini-Aretha Franklin, un Conchita Wurst bluffant» (på fransk). Henta 27. januar 2019. 
  5. «Bilal Hassani en route vers l’Eurovision». Le Parisien. 27. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  6. 6,0 6,1 «Le youtubeur Bilal Hassani, idole queer des jeunes, représentera la France à l’Eurovision» (på fransk). 27. januar 2019. 
  7. «France: Bilal Hassani crowned king of 'Destination Eurovision'!». Henta 27. januar 2019. 
  8. «Eurovision 2019: This is the running order of the Grand Final!». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  9. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  10. «Youtube : Bilal Hassani, son coming-out bouleversant !» (på fransk). Henta 27. januar 2019. 
  11. Alexis Patri (2018). «Les 30 LGBT+ qui bougent la France». Têtu (217): 52–62. 
  12. «TÊTU | Bilal Hassani, le YouTubeur et chanteur de 18 ans fait son coming-out» (på fransk). 28. juni 2017. Henta 27. januar 2019. 
  13. «Ces députés interpellent Twitter après le cyber-harcèlement d’un YouTubeur» (på fransk). 16. november 2018. Henta 27. januar 2019. 
  14. «Bilal Hassani shows a strong identity on debut album "Kingdom"» (på engelsk). 26. april 2019. Henta 27. april 2019.