Bildøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bildøy
Naust på Bildøy
Naust på Bildøy
Geografi
Norway - Bildøy.png
Stad Sotra
Koordinatar 60°21′19″N 05°06′16″EKoordinatar: 60°21′19″N 05°06′16″E

Høgaste punkt Bykletten (56 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Hordaland

Bildøy er ei øy mellom Sotra og Litlesotra som ligg i Fjell kommune, vest for Bergen. Trass i at ho er liten samanlikna med naboøyane husar Bildøy mellom anna Sotra vidaregåande skule, Fjell ungdomsskule, Bildøyhallen og Indremisjonsforbundet sin bibelskole, noko som gjer øya til ein viktig del av Fjell kommune.

Den nordlege delen av av Bildøy er prega fritidseigedomar, naust og ein del utmark. Sør for riksveg 555, som deler Bildøy på tvers, har ein derimot samling av skular og idrettspark, samt bustadfeltet Søre Bildøy heilt på sørspissen av øya.

Bildøy har òg gjeve namn til toppen Bildenuten (òg kalla Bildefjellet), 221 moh, som er ein del av fjellryggen som strekkjer seg på austsida av Sotra.