Bilden kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teikning av antependium frå Bilden kyrkje

Bilden kyrkje stod ved garden Østre Bilden (gnr. 111) i Tingelstad i Gran kommune i Innlandet fylke. Ein trur at kyrkja var frå mellomalderen, men eldste bevarte skriftlege vitnesbyrd er i Povel Huitfeldt si stiftsbok, som omtalar «Bildenne Annexa» under Nikolaikyrkja, hovudkyrkja i Gran.[1] Av Jens Nilssøn sin visitasrapport fra 1590-talet[2] går det fram at kyrkja er ute av bruk, og at ho er av tre. Det siste gjer det nærliggjande å tru at det dreidde seg om ei stavkyrkje, noko Lorentz Dietrichson gjorde i sitt verk om stavkyrkjer.[3] I 1732 var kyrkja forsvunnen,[4] men i 1627 hadde doktor Peder Alfsøn besøkt den øyde kyrkja og laga ei teikning av antependiet, som i tillegg til illustrasjonar hadde ei runeinnskrift. Antependiet vart meldt forsvunne i 1743,[5] og Alfsøn si teikning er einaste kjende illustrasjon av ein gjenstand frå kyrkja. Teikninga inngår i Den arnamagnæanske samling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 190. 
  2. Yngvar Nielsen (1885), red. (1981). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 285. 
  3. Lorentz Dietrichson (1892). De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 498. 
  4. Ifølgje kallsboka for Gran prestegjeld, men boka opplyser at den «meget vel mindes af gamle folck at have staaen».
  5. Hannibal Hammer i ein rapport om kyrkjene på Hadeland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Bilden kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren