Bilderberg-konferansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hotell Bilderberg i Nederland, der den første konferansen vart arrangert i 1954. 51°59′23″N 5°49′03″E / 51.9898°N 5.8176°E / 51.9898; 5.8176

Bilderberg-konferansen (òg kjend som Bilderberg-gruppa eller berre Bilderberg) er ein internasjonal samskipnad av leiarar frå næringslivet, finansfolk, politikarar og opinionsdannarar i Vest-Europa og USA, som møtest for å diskutere politiske og økonomiske spørsmål. Gruppa vart oppretta i 1952 og har hovudkontor i Leiden i Nederland.

Aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Den einaste offisielle aktiviteten i Bilderberg-gruppa er å arrangere ein årleg lukka konferanse der medlemmer og andre spesielt inviterte får delta. Konferansen er organisert av styringskomitéen til gruppa, som består av 34 personar som kvar for seg representerer sitt ulike medlemsland. Konferansen varer i tre dagar og har kring 130 inviterte deltakarar. Arrangementet er ikkje ope for mediedekning, og deltakarane får heller ikkje lov til å uttale seg offentleg om det som har vorte sagt ved konferansen. Bilderberg-konferansen er finansiert av medlemmene i styringskomitéen i tillegg til det enkelte landet der konferansen går føre seg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bilderberg-gruppa vart oppretta i 1952 etter initiativ frå den polske aktivisten Joseph Retinger, som ønskte å styrke det politiske samarbeidet mellom Vest-Europa og USA. Gruppa vart kalla opp etter Hotel de Bilderberg i Oosterbeek i Nederland, som var namnet på hotellet der den første konferansen vart halden i 1954, der 61 delegatar frå tolv ulike land deltok. Trass at innhaldet i konferansene framleis er privat, har Bilderberg-gruppa endra eigne reglar slik at medlemslista for konferansen kvar år vert publisert på nettsidene deira. Tidlegare deltakarar frå Noreg har vore mellom andre Thorvald Stoltenberg, Jens Stoltenberg, Erna Solberg, Siv Jensen, Knut Vollebæk, Kristin Clemet, Hanne Skartveit og mange fleire.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Ettersom Bilderberg-gruppa består av leiarar frå næringslivet og politikken, har gruppa vorte kritisert for å fatte politiske avgjerder i lukka forum utan at ålmenta får vite om det eller delta i avgjerdsprosessane. Andre har også reagert på at journalistar ikkje får lov til å dekke konferansen, samtidig som leiarar for store redaksjonar og mediehus vert invitert til å delta som privatpersonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]