Bill Bottrell
Bill Bottrell | |||
Fødd | 1952 (alder 71–72) | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1974– | ||
Verka som | Plateprodusent, låtskrivar, musikar |
William A. «Bill» Bottrell (f. 1952 ) er ein amerikansk plateprodusent, låtskrivar og musikar, kanskje mest kjend for samarbeida sine med Michael Jackson, Madonna, Electric Light Orchestra og Sheryl Crow.
Han vart kjend med Jeff Lynne seint i 1970-åra, og vart etter kvart lydteknikar for bandet hans, ELO tidleg i 1980-åra. I 1980-åra arbeidde han med The Jacksons, ELO, Michael Jackson, Madonna, George Harrison, Starship og Tom Petty som lydteknikar. I 1988 var Bottrell medprodusent på det første albumet sitt, Aliens Ate My Buick av Thomas Dolby. I 1989 var han medprodusent og lydteknikar for Michael Jackson på albumet Dangerous, og var medlåtskrivar på den største hitten frå albumet, «Black or White». Songen låg sju veker på toppen av den amerikanske singellista hausten 1991.
Bottrell fekk bygd sitt eige platestudio kalla Tuesday Night Music Club. Ein av artistane han produserte der var Sheryl Crow, som kalla debutalbumet sitt nettopp Tuesday Night Music Club i 1983. Singelen hennar «All I Wanna Do» frå dette albumet, som vann Grammy-prisen for årets innspeling i 1995, var skriven av Bottrell og Crow. Albumet vann tre Grammy-prisar til og selde 10 millionar eksemplar verda over.
Bottrell vart òg nominert til ein Grammy for arbeidet på gjennombrotsalbumet til Shelby Lynne i 1999, I Am Shelby Lynne.
Han har òg arbeidd med mange andre artistar, som David Baerwald, Alisha's Attic, Five for Fighting, Rosanne Cash, Lisa Germano, Kevin Gilbert, Jasun Martz, Tom Petty, Rusted Root, Ben Jelen, Toy Matinee og Annie Stela.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1981: «Hold on Tight» - Electric Light Orchestra
- 1983: «Northbound»- Northbound
- 1983: Secret Messages - Electric Light Orchestra
- 1984: Victory The Jacksons (Grammy)
- 1986: Balance of Power - Electric Light Orchestra
- 1987: Bad – Michael Jackson (Grammy-nominert)
- 1987: Aliens Ate My Buick – Thomas Dolby (Grammy-nominert)
- 1988: «Like a Prayer» – Madonna (Grammy-nominert)
- 1988: Traveling Wilburys Vol. 1 – Traveling Wilburys
- 1988: «Streetwalker» - Michael Jackson (utgjeve 2001)
- 1989: Full Moon Fever – Tom Petty
- 1989: «Monkey Business» – Michael Jackson (utgjeve 2006)
- 1990: «Dick Tracy» – Madonna
- 1990: Toy Matinee – Toy Matinee
- 1990: «Truth or Dare» – Madonna (Grammy-nominert)
- 1991: «Dangerous» – Michael Jackson (Grammy winning)
- 1991 «Black or White» Michael Jackson
- 1991: «Give In To Me» – Michael Jackson
- 1991: «Who Is It» – Michael Jackson
- 1991: No Soul No Strain – Wire Train
- 1992: Triage – David Baerwald
- 1993: Tuesday Night Music Club – Sheryl Crow (Grammy)
- 1994: When I Woke – Rusted Root
- 1995: «Earth Song» – Michael Jackson
- 1995: In Flight – Linda Perry
- 1997: «Restless Heart» – Tex Beaumont
- 1999: I Am Shelby Lynne – Shelby Lynne (Grammy-nominert)
- 2000: «Surrender» – Tom Petty and the Heartbreakers
- 2000: The House We Built – Alisha's Attic
- 2000: Songs from the West Coast – Elton John
- 2000: Welcome to my Party – Rusted Root
- 2002: Class of Dude – The Stokemen
- 2002: Rise – Kim Richey
- 2003: Free – Luan Parle
- 2004: Liam Titcomb – Liam Titcomb
- 2004: Benji Hughes – Benji Hughes (ikkje utgjeve)[1]
- 2004: The Battle for Everything – Five for Fighting
- 2005: Annie Stela – Annie Stela
- 2005: Sierra Swan – Sierra Swan
- 2005: Black Cadillac – Rosanne Cash
- 2006: «Save Me From Myself» - Christina Aguilera
- 2006: Bird On A Wire – Toby Lightman
- 2006: On The Jungle Floor – Van Hunt
- 2007: Ex-Sensitive - Ben Jelen
- 2008: Detours - Sheryl Crow (Grammy-nominert)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bill Bottrell» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hagan, Joe (July–August 2009). «The Ballad of Benji Hughes». The Believer Magazine. Henta 17. februar 2015. «“It’s a bit of a sore subject with me,” he writes in an email. “For something so sincere, authentic, gorgeous, and pure to emerge during those desperate times was miraculous, and one of my most perfect works as a longtime plateprodusent has never seen the light of day.”»