Bill Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bill Brown
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 8. oktober 1931
Arbroath
Død

1. desember 2004 (73 år)
Simcoe

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1958

Bill Brown, fullt namn William Dallas Fyfe Brown, (8. oktober 193130. november 2004) var ein britisk-kanadisk fotballspelar frå Arbroath i Skottland. Han var målvakt.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Brown hadde kontrakt med Dundee frå 1949 til 1959. Han vakta målet då klubben hausten 1951 vann den skotske ligacupfinalen med 3-2 over Rangers FC. I 1959 vart han overført til Tottenham Hotspur mot 16 500 pund. Han var med i det suksessrike mannskapet som i 1961 vann både ligaen og FA-cupfinalen. Etter Pat Jennings kom til klubben i 1964 vart han benkeslitar til han hausten 1966 gjekk vidare til Northampton Town. Sommaren 1967 utvandra han til Canada.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Brown spelte 28 landskampar for det skotske landslaget i tida 1958-65. Han debuterte mot Frankrike under Fotball-VM 1958 i Örebro.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Skotsk ligacupvinnar: 1951 med Dundee
  • Engelsk ligameister: 1961 med Tottenham
  • Engelsk FA-cupvinnar: 1961 og 1962 med Tottenham
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1963 med Tottenham

Kjelder[endre | endre wikiteksten]