Bill Foulkes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bill Foulkes
WillemIIManchesterUnited1963c.jpg
Bill Foulkes, nummer to frå høgre i bakre rekke, med eit Manchester United-lag frå 1963
Fødd 5. januar 1932
St Helens i Merseyside
Død

25. november 2013
Manchester

Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Bill Foulkes på Commons

William Anthony Foulkes, kjend som Bill Foulkes, (5. januar 193225. november 2013) var ein britisk engelsk fotballspelar, som nokre sesongar på 1980-talet var trenar på fleire norske fotballag. Han var midtstoppar på Manchester United i 17 sesongar, og var med å vinne Europacupen 1968, fire ligameisterskap og ein FA-cupfinale.

Foulkes debuterte på Manchester United desember 1952. Etter han tok rom i fyrstellevaren til United, fekk han sin debut på England sitt landslag mot Nord-Irland 2. november 1954, fleire landskampar fekk han ikkje. Både i 1956 og 1957 var han med å sikre siger for Manchester United i den engelske ligaen.

Foulkes kom frå München-ulukka i februar 1958 med lettare skadar og var på bana att allereie då United spelte sin fyrste kamp etter ulukka. Manchester United-trenar Matt Busby bygde etterkvart opp eit nytt storlag, eit lag Foulkes vann FA-cupen 1963 med. Våren 1965 vart han ligameister for tredje gong og to år etter for fjerde gong. Den 29. mai 1968 var han på plass i midtforsvaret då Manchester United vann 4-1 over Benfica i Europacup-finalen. Saman med Bobby Charlton var han då den einaste att av 1958-mannskapet. Foulkes spelte sin 566. og siste ligakamp i august 1969. Han skåra einast 7 ligamål, 4 av dei kom i triumfsesongen 1966/67.

I tida mellom 1981 og 1988 var Foulkes sysselsett som trenar for norske fotballag, etter tur IL Bryn, Steinkjer Fotballklubb, Lillestrøm Sportsklubb og Viking Fotballklubb, utan nemnande suksess.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]