Bill Laswell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bill Laswell

Bill Laswell på Moers-festivalen i 2006
Fødd12. februar 1955 (69 år)
FødestadSalem i Illinois i USA
FødenamnWilliam Otis Laswell
OpphavUSA
AktivSidan 1978
SjangerAvantgarde, elektronisk, jazz, pop, reggae, rock[1]
Instrumentbassgitar, gitar, klaverinstrument
Tilknytte artistarMethod of Defiance, The Golden Palominos, Praxis, Massacre, Material, Last Exit, Painkiller, Ashes, Deadline, Tabla Beat Science, Public Image Ltd
PlateselskapM.O.D. Technologies
Verka somMusikar, plateprodusent, plateselskapseigar
PrisarCzłowiek ze Złotym Uchem

William Otis Laswell (fødd 12. februar 1955) er ein USA-amerikansk bassist, plateprodusent og eigar av eit plateselskap. Han har vore involvert i tusenvis av innspelingar med mange musikarar fr heile verda. Musikken hans er som regel innan funk, verdsmusikk, jazz, dub og ambient.

I følgje musikkskribenten Chris Brazier «er hovudprosjektet til Laswell 'kollisjonsmusikk' der han fører saman musikarar frå heilt forskjellige, men komplementære verder, og ser kva resultatet blir.»[2] Slagordet til eit av plateselskapa som vert driven av Laswell seier mykje om arbeidet hans: «Ingenting er sant, alt er lov». Sjølv om banda hans ofte er oppførte med dei same namna, kan musikarane som spelar i dei variere stort. Material byrja som eit støyprega dansemusikkband, men seinare album konsentrerte seg om hiphop, jazz eller talte ord av William S. Burroughs. Dei fleste versjonane av bandet Praxis har hatt med gitaristen Buckethead, men dei har utforska forskjellige musikalske retningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ankeny, Jason. «Bill Laswell». AllMusic. Henta 16. juli 2019. 
  2. «The Bill Laswell Pages». Silent-watcher.net. 22. mars 2012. Henta 16. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]