Bill Mumy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bill Mumy

Mumy på Phoenix Comicon i mai 2013
Verkeleg namn Charles William Mumy Jr.
Statsborgarskap USA
Fødd 1. februar 1954 (69 år)
San Gabriel i California i USA
Yrke
  • Skodespelar
  • musikar
  • låtskrivar
  • produsent
Aktive år Sidan 1957
Språk engelsk
Medlem av Barnes & Barnes
Ektefelle Eileen Mumy
Prisar Inkpot Award (2015)[1]
Nettstad http://www.billmumy.com
Bill Mumy på Commons

Charles William Mumy jr. (fødd 1. februar 1954[2]) er ein amerikansk skodespelar, forfattar og musikar og ein figur i science fiction-/teikneserie-miljøet. Han vart kjend i 1960-åra som barneskodespelar, med mellom anna tv-opptredenar i Bewitched, I Dream of Jeannie, The Twilight Zone, Alfred Hitchcock Presents og ei rolle i filmen Dear Brigitte, etterfølgd av ein tre sesongar lang rolle som Will Robinson i CBS sin 60-tals sci-fi-serie Lost in Space.

Mumy dukka seinare opp som den einsame tenåringen Sterling North i Disney-filmen Rascal (1969) og Teft i filmen Bless the Beasts and Children (1971).

På 1990-talet spelte Mumy rolla som Lennier i alle fem sesongane av sci-fi-TV-serien Babylon 5 og hadde forteljarstemme i den Emmy Award-vinnande serien Biography.

Mumy er òg kjent for den musikalske karrieren sin som gitarist, songar, låtskrivar og komponist: han er Emmy-nominert for originalmusikk i Adventures in Wonderland (1992). Som musikar har Mumy opptredd som soloartist, ein og annan gjesteartist og som halvparten av duoen Barnes & Barnes. Frå 1988 og utover på 90-talet opptredde han på San Diego Comic-Con og andre teikneserierelaterte arrangement som ein del av bandet Seduction of the Innocent (oppkalla etter tittelboka av Fredric Wertham) saman med Miguel Ferrer, Steve Leialoha, Max Allan Collins og John «Chris» Christensen. Bandet gav ut éin CD, The Golden Age.[3]

Fjernsyn og film[endre | endre wikiteksten]

År Film/Fjernsyn Rolle Merknad
1960 The Tom Ewell Show Jeffrey Nelson Episode: «Tom Puts the Girls to Work»
1961 The Twilight Zone Billy Bayles Episode: «Long Distance Call»
1961 The Twilight Zone Anthony Fremont Episode: «It's a Good Life»
1961 Alfred Hitchcock Presents Jackie Chester Episode: «Bang! You're Dead»
1961 Alfred Hitchcock Presents Mickey, guten Episode: «The Door Without a Key»
1962 The Alfred Hitchcock Hour Tony Mitchell Episode: «House Guest»
1962 Walt Disney's Wonderful World of Color Petey Loomis Episode: «Sammy, the Way-Out Seal»
1962 The Jack Benny Program Tynn gut Episode: «Jack and the Crying Cab Driver»
1962 Wagon Train Toddy Episode: «The Sam Darland Story»
1963 A Child Is Waiting Gut som tel perlene til Jean
1963 A Ticklish Affair Alex Martin
1963 Palm Springs Weekend 'Boom Boom' Yates
1963 The Twilight Zone Young Pip Phillips Episode: «In Praise of Pip»
1963 Perry Mason Miles Jefferson Episode: «The Case of the Shifty Shoebox»
1964 Bewitched Michael (foreldrelaus gut) Episode: «A Vision of Sugar Plums»
1964 The Adventures of Ozzie and Harriet Billy 3 episodar
1965 The Virginian Willy
1965 Dear Brigitte Erasmus Leaf
1965 I Dream of Jeannie Custer Episode: «Whatever Became of Baby Custer?»
1965 The Munsters Googie Miller Episode: «Come Back Little Googie»
1965 Bewitched Darrin the Boy Episode: «Junior Executive»
1965–68 Lost in Space Will Robinson 84 episodar
1968 Wild in the Streets Boy Ikkje oppført
1969 Rascal Sterling North
1969 Lancer Andy Cutler Episode: «The Kid»
1970 Here Come the Brides Simon Bill Episode: «Break the Bank of Tacoma»
1971 Bless the Beasts and Children Teft
1973 Papillon Lariot
1974 The Rockford Files Nick Butler «Backlash of the Hunter» (pilot)
1975 Sunshine Weaver 15 episodar
1983 Twilight Zone: The Movie Tim (Segment #3)
1984 Hard to Hold Klaverspelar
1988 Matlock Dr. Irwin Bruckner
1990 Captain America Ung General Fleming
1991 The Flash Roger Braintree
1991–92 Superboy Tommy Puck 3 episodar
1992 Double Trouble Bob
1993 Ultraman: The Ultimate Hero Fenton Episode: «Monstrous Meltdown»
1994 Animaniacs The Farmer (røyst)
1994 The Ren & Stimpy Show Dr. Brainchild (røyst)
1994–98 Babylon 5 Lennier 109 episodar
1995 Batman: The Animated Series The Fox/Warren Lawford (røyst)
1996 The Oz Kids Sam (røyst)
1997 The Weird Al Show UPS-kar
1997 Space Ghost Coast to Coast Seg sjølv (røyst)
1998 Star Trek: Deep Space Nine Kellin Episode: «The Siege of AR-558»
1998 Lost in Space Forever Seg sjølv/Will Robinson TV-spesial
2000 Buzz Lightyear of Star Command Eon 2 episodar
2003 The Twilight Zone: Series Vaksen Anthony Fremont Episode: «It's Still a Good Life»
2004 Comic Book: The Movie Seg sjølv Video
2006 Holly Hobbie & Friends Bud Morris (røyst) TV-spesial
2009 The Bolt Who Screwed Christmas Knob Ratchett Teatralsk kortfilm
2013–14 Bravest Warriors Johnny Tezuka (røyst) Nettserie
4 episodar
2014 Transformers: Rescue Bots Vigil (røyst) 2 episodar
2018 The Loud House Timothy «Tim» McCole (røyst) Episode: «A Fridge Too Far»
2018–2019 Lost in Space (2018) Dr. Zachary Smith 2 episodar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bill Mumy
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Bill Mumy