Bill Payne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bill Payne
Bill Payne 2010.jpg
Payne med Little Feat på ein konsert for Richie Hayward, 14. januar 2010
Fødd12. mars 1949 (70 år)
FødestadWaco i Texas i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1969
SjangerRock, blues, swamprock, Southern rock, funk, jazzrock, jazzfusion
InstrumentVocals, klaverinstrument
Tilknytte artistarLittle Feat, The Doobie Brothers, Phil Lesh and Friends, Leftover Salmon
PlateselskapHot Tomato Records
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Bill Payne (fødd 12. mars 1949) er ein USA-amerikansk pianist som i lag med Lowell George starta det amerikanske rockebandet Little Feat.[1] I tillegg til piano spelar han Hammond B3-orgel. Payne er låtskrivar og har mellom anna skrive songen «Oh, Atlanta». Etter Little Feat-trommisen Richie Hayward døydde 12. august 2010 er Payne det einaste originale medlemmet att i gruppa.

Payne har arbeidd med mange andre artistar, som J.J. Cale, Doobie Brothers, Emmylou Harris, Bryan Adams, Pink Floyd, Bob Seger, Toto, Linda Ronstadt, Jackson Browne, James Taylor, Bonnie Raitt, Helen Watson, Stevie Nicks, Shocking Edison, Robert Palmer og Stephen Bruton.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Cielo Norte (2005)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skelly, Richard. «Biography: Bill Payne». Allmusic. Henta 26. april 2010.