Bill Wyman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bill Wyman

Fødd24. oktober 1936
Lewisham i London (87 år)
FødestadLondon
FødenamnWilliam George Perks
OpphavStorbritannia
Aktiv1962 - til i dag
SjangerRock and roll
Blues-rock
Psykedelisk rock
InstrumentBass, piano, vokakl, gitar
Kjende instrumentFramus Star Bass
Vox Teardrop bass
Fender Mustang Bass
Tilknytte artistarThe Rolling Stones, Bill Wyman's Rhythm Kings, The Cliftons
PlateselskapVelvel, Koch International, Rolling Stones, BMG
Verka somMusikar
Gift medDiane Cory, Mandy Smith, Suzanne Wyman
Sambuar medAstrid Lundström
BornStephen Wyman, Jessica Wyman, Katherine Wyman, Matilda Wyman
PrisarSilver Clef Award

Bill Wyman eller William George Perks (fødd 24. oktober 1936) er ein engelsk bassist som er mest kjend for å ha spelt bass i The Rolling Stones frå 1962 til 1992. Sidan 1997 har han spelt inn plater og turnert med sitt eige band, Bill Wyman's Rhythm Kings.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

William George Parks vart fødd på Lewisham sjukehus i Lewisham sør i London. Han er son av ein murar, William og kona Kathleen. Dei første barndomsåra budde dei byen Penge, før dei flytta på landet i Kent. Han gjekk på Beckenham and Penge Grammer School frå 1947 til 1953, der han forlet skulen før eksamen fordi faren hadde funne jobb til han hos ein bookmaker, og insisterte på at han tok jobben.

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Wyman fekk pianoundervisning frå han var 10 til 13. Etter det første ekteskapet sitt kjøpte han ein gitar, men var ikkje nøgd med sin eigen prestasjon. Etter å ha høyrt ein bass på ein konsert med Barron Knights, forelska han seg med ein gong i basslyden og starta å spele instrumentet. Han spelte i starten saman med eit lokalt band kalla The Cliftens. Det var òg i denne perioden han starta å kalle seg Bill Wyman. Han nytta etternamnet til ein av venene sine som han hadde hatt verneplikt i Royal Air Force i lag med.

trommeslagaren Tony Chapman fortalte Bill om det nye bandet The Rolling Stones, som søkte etter ein bassist, søkte han jobben og vart offisielt medlem i desember 1962. Sjølv om The Stones syns han var ein dyktig bassist, likte dei ikkje like mykje stilen og personlegdomen hans, kanskje fordi han var seks år eldre enn dei.

Wyman song sjeldan på songane til The Rolling Stones, men han skreiv og song «In Another Land» frå albumet Their Satanic Majesties Request, som òg vart gjeven ut som singel.

I 1970- og tidleg i 1980-åra gav han ut tre soloalbum, men ingen oppnådde særleg suksess. Det siste i 1982 gav han likevel ein liten hit i Europa med singlen (Si Si) Je Suis Un Rock Star.[1]

Mot slutten av 1980-åra komponerte Wyman muiskk til to filmar av den italienske filmregissøren Dario Argento. Det var til filmane Phenomena frå 1985 og Terror at the Opera frå 1987.

Wyman førte ei detaljert dagbok om dagane sine med The Rolling Stones. Etter han forlet bandet har han nytta dagboka då han skreiv biografien om The Stones, Rolling With The Stones,[2] og sin eigen sjølvbiografi Stone Alone.[3]

Bill Wyman hadde eit sterkt venskap med gitaristen Mick Taylor, den første som frivillig forlet The Stones. Han heldt fram med å arbeide saman med Taylor på sine solo projekt etter at han forlet bandet.

Saman med Charlie Watts førte Wyman eit stille liv i motsetnad til Jagger og Richards. Sjølv om det personlege livet hans enkelte gongar vart stormfullt, og forholdet hans til den 13 år gamle Mandy Smidt vart framsidestoff, kom han gjennom tida som medlem av The Stones relativt smertefritt.

Wyman, som var av dei meir fornuftige og klarsynte av medlemmane i bandet, nekta å ta narkotika og store mengder alkohol.

Etter albumet Steel Wheels i 1989 avgjorde han å forlate bandet, men vart verande eit par år til for å vere sikker på han gjorde rett. Stones valde å ikkje ta inn ein ny fast bassist, men den første bassisten dei nytta, Darryl Jones, har likevel vore med på alle Stones-album i ettertid.

Wyman heldt fram solokarrieren sin med eit eige band, The Rhythm Kings, med musikarar som Martin Taylor, Albert Lee, Gary Brooker og Terry Taylor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]